Slengen 1. desember 2016. Foto: Geir Daasvatn

Slengen – Rygnestad

Slengen er ein husmannsplass i Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap, i jordet ovanfor Rygnestadtunet, i Valle.

Han er den einaste av fire slike plassar som framleis har hus. Huset i Slengen var sterkt til nedfalls. Men det blei vedteke å sette huset i stand igjen, gjennom kurs der handverkarar fekk opplæring i gamle handverksteknikkar. Plassen fortel om husmannen sitt daglegliv og levekår betre enn ein skriftleg rapport kan gjere.

Frå 1800-talet

I bygdeboka for Valle er det opplyst at Slengen vart frådelt i 1906. Men det er grunn til å tru at husmannsplassen har vore nytta frå lenge før det. Huset tyder på å vere bygd på 1800-talet. Frå 1935 har det ikkje budd folk i huset, som har stove, gang og kammers. Det er i ein etasje og har ein låg hems over stovedelen.

I området er det tre andre husmannsplassar som i dag bare er attgrodde tufter: Krone, Drenkadøl, og Bronen.

Slengen vert teken vare på av Setesdalsmuseet, og var månadens kulturminne for mai 2013 i Aust-Agder.

Restaurert i 2014–2015

Det blei løyvt 600.000 kroner til kurset for å restaurere husmannsplassen. Finansieringa kom frå Kulturminnefondet, kulturminnevernseksjonen i Aust-Agder fylkeskommune, Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap og Valle kommune. Kurset hadde ni deltakarar. Det starta i veke 14, 2014 og gjekk over 10 veker fordelt på halvtanna år. Leiar for prosjektet var Ane Uleberg.

Kjelder

Rett i nærleiken

Slengen under restaurering i 2014. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Riksveg 400 – Syrtveit sør
Byklestøylane
Syrtveitsfossen – flotingsmurar
Byglandsfjord gamle dam
Postvegen – Valle
Postvegen – Kroni til Moen
Fennefossen – flotingsmurar
Homme skulehus – Valle
Fjellskarbrua – Rysstad
Langerak kraftverk
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Huldreheimen – Bykle

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.