Du ser den gamle Setesdalsvegen slik når du kjem køyrande nordover etter å ha passert Storstraumen. Til venstre for riksvegen, inne mellom dei små grantrea, ligg den gamle Postvegen frå 1840-talet. Foto: Geir Daasvatn

Riksveg 400 – Skomemoen

Om lag midt mellom Storstraumen og Skomedal, på Skomemoen, ligg ei sløyfe av den gamle Setesdalsvegen lenger ut mot fjorden enn Riksveg 9 gjer i dag.

Eg har ikkje klart for meg nøyaktig kva det heiter her. Skomemoen er jo svær. Men eg lurer på om det er ein eller annan stad i dette området den bratte Hestekleiva låg?

Kva tid denne traséen blei bygd er eg heller ikkje sikker på. På andre sida av riksvegen (på vestsida) ligg det att ei sløyfe av den gamle Postvegen. Denne første kjerrevegen oppover i Setesdal kom forbi her ca. 1842. I den spennande og lærerike boka om Postvegen og Riksveg 9 er det eit oversyn over utbetringar i området Storstraumen–Frøysnes (s. 117). Der heiter det at området Hestekleiv–Skomedal bru blei utbetra i 1938. Mellom alle dei utbetringane som er rekna opp, er det nok denne som høver best til vegsløyfa på Skomemoen. Men på Kulturminnesok.no heiter det at parsellen her truleg er bygd i 1926.

Vidare er det sagt i den nemnte boka at det skjedde ei ny utbetring Storstraumen nord–Skomedal bru sør i 1994. Det må vel då vere riksvegen som me køyrer på i dag.

Om desse «antakelsane» mine skulle stemme, var vegen eg omtaler her såleis Setesdalsvegen frå 1938 (eller 1926) til 1994. Fram til 1965 var han Riksveg 400, og etter det igjen Riksveg 12. Kanskje rakk han til og med eit par år som Riksveg 39!

Men eg tek gjerne feil? Eg er takksam for innspel, så eg i tilfelle kan rette opp framstillinga.

Høge murar – bratt ned!

Det spesielle med den gamle Setesdalsvegen her er dei svære murane ut mot fjorden. For meg, iallfall! Når eg oppdagar slike skjulte «skattar» ute i naturen, blir eg beint fram oppglødd! Vegen ligg heilt ut mot kanten av eit bratt og høgt stup ned mot vatnet. Her var det nok svære stabbesteinar og/eller eit solid rekkverk så lenge vegen var i bruk.

Digre murar på utsida av vegen. Ta deg i akt – det er bratt ned om du skulle skli utfor! Foto: Geir Daasvatn

Ta ein kikk!

Du ser den gamle vegen lett når du kjem forbi. Om du er i bilen, er det greitt å parkere ved starten av sløyfa i sør. Det er der biletet øvst i stykket er frå. Det er god sikt i begge retningar når du skal ut på riksvegen igjen.

Kart over området

Du vil kanskje også lese

Dei la mykje arbeid i å mure opp gode stikkrenner, dei gamle vegbyggjarane! Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør
Flatelandsmoen – Gjøvdal