Klevelandskleiva 14. april 2024. Foto: Geir Daasvatn

Futevegen – Klevelandskleiva

Klevelandskleiva var ein lang og bratt bakke på den gamle Futevegen, «hovudvegen» frå Evje austover mot Herefoss og Arendal fram til 1840-talet.

Futevegen heldt også fram nordover frå Evje gjennom Bygland til Valle, men gjerne under anna namn. Det lyt vere til ein annan gong.

Eldre enn reformasjonen

Nøyaktig kva tid Futevegen kom til er nok vanskeleg å seie sikkert i dag. Men han var i bruk iallfall før 1624. Då var Kristian Kvart pengelaus, og måtte få inn skatt frå adel og odelsbønder, kyrkje og geistelege. Futen i Råbyggjelaget, som heldt til på Herefoss, drog oppover i Setesdal for å ta opp odelsmanntalet. Då veit me at han på tilbakevegen reid Futevegen over Kongevaheia og Kleveland til Myklebostad.

Futevegen kom over Håtveitåna på bru. Der er det framleis spor etter brukara. Dei er mykje øydelagte av flaum, tidas tann o.l. Då vegen nærma seg Kleveland frå aust, svinga han opp i lia under Stuvhogga. Der var det ein veldig bratt og lang bakke som visstnok blei kalla Storekleiv. Eg kallar bakken Klevelandskleiva etter Oddmund Mogstad, den kanskje beste kjennaren av dei gamle vegane i Evje og Hornnes.

Oppover heile kleiva kan me finne spor etter vegen. Han er bygd opp med til dels store murar og stein langs ytterkanten der terrenget skrånar, og heva over terrenget ellers. Det er bygd stikkrenner der det var naudsynt. Det er veldig spennande å følge vegen oppover i lia og kikke etter gamle vegspor. Dei er det som sagt mange av!

Stykket held fram under biletet

Utsyn austover mot Lislevatnet frå toppen av Klevelandskleiva 14. april 2024. Me ser Fylkesveg 42, Arendalsvegen i dag, nede på sletta. Foto: Geir Daasvatn

Vidare til Austerhus og Flåt

Etter Kleveland heldt vegen fram forbi gardane Mykjåland og Undeland. Han svinga så litt meir nordover og gjekk over heia til gardane Austerhus og Flåt, det me i dag kallar Flatebygd. Frå Flatebygd bar det forbi Tveit og vidare ned til Evje kyrkje.

Her ligg det mykje veghistorie og ventar om du er glad i denslags kombinert med fine fotturar! På Kulturminnesok.no kan du sjå vegen teikna inn på kartet, slik at du kan finne fram. Lenke finn du nedanfor.

I bruk til 1840-talet

Futevegen gjennom Evje var i bruk til 1840-talet. Då kom ny «hovudveg» frå Evje austover mot Arendal. Denne nye vegen er mykje kalla «Postvegen», men må ikkje forvekslast med Postvegen oppover i Setesdal som kom på om lag same tida.

Kjelder

  • Oddmund Mogstad, Historisk oversyn over vegar i Råbyggjelag, stykke i Jol i Setesdal 2010, s. 6–9
  • Artikkelen om Futevegen gjennom Evje på Kulturminnesok.no
  • Oddmund Mogstad, artikkel om Futevegen i Setesdølen, 2009, attgjeven i Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 62

Du vil kanskje også lese

Fleire kulturminne

Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør
Flatelandsmoen – Gjøvdal