Den gamle gardsvegen oppover mot Tveitan 4. juni 2024. Foto: Geir Daasvatn

Skore – gamlevegen

Den gamle gardsvegen opp til Skore i Bygland finn me framleis i lia mellom fjorden og Tveitan, den store sletta eit lite stykke nedanfor husa på garden.

Det gjekk, iallfall frå 1700-talet, ein «Allmannaveg» eller «Daleveg» (ein rideveg) forbi Skorsura nede ved fjorden. Den gamle gardsvegen frå fjorden opp til Skore må vere framhald av denne Allmannavegen, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt. Han meiner gardsvegen kanskje kan vere bygd i tida rundt 1800.

Dei som bygde vegen, gjorde godt arbeid, med solide steinsettingar i den bratte skråninga ned mot fjorden.

Reidar Vollen, Bygland gard og ætt

Gamlevegen fram i lyset

Denne gamlevegen gjekk noko lenger nord enn vegen opp til Skore i dag. Det er hogge litt i området opp mot Tveitan, slik at delar av vegen er lettare å sjå enn tidlegare. Lenger nedover mot fjorden er han meir skjult inne i skogen, og nedst heilt attgrodd av småskog og kratt under kraftlinja.

Stykket held fram under biletet

Løynd inne i skogen ligg denne skatten av ein gamal veg! Foto: Geir Daasvatn

I gards- og ættesoga for Bygland er det bilete som syner korleis vegen ein gong såg ut. Kring 1960 fekk dåverande eigar av Skore, Gunhild Tvedt Skore (1916–1993), bygd køyreveg opp til Tveitan. Mot slutten av 1980-åra blei han forlenga heilt opp til gardstunet.

Eg har teke meg ein liten tur langs den gamle vegen. Eg er glad i slike gamle kulturminne, og ikkje minst å fotografere langs dei. Det er imponerande å sjå arbeidet som er lagt ned. Det var nok eit strevsamt prosjekt, med tanke på dei sparsame reiskapane dei måtte klare seg med på den tida vegen kom i stand.

Kjelder

  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, Bygland kommune, 2005, s. 691–694
  • Jansen, Haugen, Røysland og Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 97
I krattet under kraftlinja, til venstre i biletet, ligg den gamle gardsvegen. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen