Våningshuset i Lunden på Fennefoss. Foto: Geir Daasvatn

Byklarloftet – Fennefoss

Byklarloftet er eit loft – ein overnattingsstad – på gardsbruket Lunden på Fennefoss i Hornnes.

Før det kom ordentleg veg mellom Kristiansand og Setesdal, blei setesdølane ofte rodde på Otra frå Kile til Fennefoss. Her kom dei gjerne på kvelden, for det var ei lang strekning å ro. Det var store båtar, med tung last. Byklarane overnatta då mykje i Lunden, og eit loft i våningshuset kallast «Byklarloftet» den dag i dag.

Loftet hadde eigen inngang, og det var inga dør frå loftet til resten av huset. Men byklarane måtte dele loftet med ei anna gruppe, så det blei like gjerne kalla «Fanteloftet».

Folk frå ValleHylestad og Bygland hadde truleg andre gardar dei brukte å overnatte på når dei var på bytur.

Kjelde

Rett i nærleiken

Baksida av våningshuset i Lunden med Byklarloftet. Foto.
Baksida av våningshuset med eigen inngang for byklarane. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Åknes kapell
Hovden kraftstasjon
Riksveg 400 forbi Kalveskinnsuppsa
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Haugenloftet – ein unik kulturskatt
Postvegen – Flateland bru
I fotspora til setesdølane – Nye Dalanevegen
Stampen i Homsåne
Deknehola ved Storstraumen
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Ærekilen, Hodne
Kleveknuten bygdeborg – Hornnes

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.