Den gamle mølletrappa ved Fennefossen. Foto: Geir Daasvatn

Mølletrappa ved Fennefossen

Mølletrappa er i dag mest det einaste som er igjen å sjå etter den svære næringsverksemda som ein gong var ved Mylla, på vestsida av Fennefossen, i Hornnes.

I 1803 kom Hans Nielsen Hauge til Setesdal og etter kvart til Fennefoss i Hornnes. Her såg haugianarane mogelegheitar i utnytting av vasskreftene i Fennefossen. Dei skaffa seg fallrettane i fossen i 1804, og fekk løyve til å sette opp papirmølle og vanleg kornmølle, og eventuell anna verksemd. Det blei gjort store investeringar, og papirproduksjonen kom i gang i 1806.

Stykket held fram under biletet

Mylla ein gong rundt 1900. Me kan godt kjenne igjen mølletrappa. Foto: August Abrahamson – CC BY-NC-ND 4.0

Papirmølla blei lagd ned alt i 1813. Men verksemda i fossen elles heldt fram, og bygdefolket fekk kornet sitt malt på mølla her til ut på 1900-talet.

Industrireisinga på vestsida av Fennefossen vart den første større næringa i Evje og Hornnes og heile Setesdal som ikkje var knytta til utnytting av jord.

Kjelder

Fleire kulturminne

Valle kyrkje
Hattefossbrua – Hornnes
Setesdalsbanen – Homevassevja
Listeinsfjellet på Evjemoen
Fallossteinane på Bygland kyrkjegard
Gamle setesdalsvegen – Gylii
Lislestog – Bykle
Riksveg 400 – Lauvdalsodden
Nordstemmen – Bygland
Byvegen i Åseral – Krokstean
Byglandsfjord dam – flotingsmur
Skore i Bygland

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.