Vekas bilete

Fennefossen

Fennefossen i Otra i Evje og Hornnes. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Den mektige Fennefossen 24. oktober 2016. Foto: Geir Daasvatn

Fennefossen er ein foss i Otra, i Evje og Hornnes kommune, kort veg frå Evje sentrum. Fossen har eit fall på 8 m.

Agder Energi Vannkraft AS har konsesjon til bygging av Fennefoss kraftverk i fossen. Utbygginga tok til i september 2020, og skal etter planen vere ferdig våren 2023. Det blir bygd ein betongdam tvers over fossen, og vassføringa vil bli sterkt redusert i den tidlegare naturperla. Oppstraums dammen vil vasstanden bli heva med om lag 50–75 cm.

Namnet

Ingen kan sikkert seie kva ordet Fennefoss tyder. Men sentrale namn, i tilknytning til elvar og fjell, er mellom dei eldste stadnamna. Namnet var kanskje ein gong Fenjarfoss, der første leddet er genitiv fleirtal av fen. Namnet tyder då fossen ved fena. Namneforskaren Olav Ryg meiner namnet kjem av fen, våtlendt mark, som han meiner finst på begge sider av elva. Jørgen Moseid trur namnet kjem av den femte fossen, rekna frå Byglandsfjorden. Moseid reknar då kanskje med Lislefoss rett nedanfor Syrtveitsfossen, eller Varpestraumen ovanfor Birkelandsfossen, til fossane i Evje og Hornnes, i tillegg til dei fire store? Endå ei forklaring, som den lokale namnekjennaren Oddmund Mogstad trur kan ha mykje for seg, er at namnet kjem av fånn, snøfonn (fleirtal fennirfors): Fossen ser ut som ei samling snøfenner når ein ser han nedanfrå. 

Sogemannen Jon Løyland skreiv også ned ei historie han hadde høyrd. Kari Tverfu datt i åna nedunder fossen, men kom opp att oppå fossen. Ho stod bisna på dette:

– De va fenn ti` foss, sa ho. Så vart fossen heitande Fennefoss.

Lokalhistorikaren Sigmund Monen har lagt fram ei femte mogeleg forklaring. Fennefoss kan bety «dei fire fossane». Når elvepadlarane i steinalderen kom oppover Otra i dei lette skinnbåtane sine til den første av dei fire fossane, visste dei at dei måtte dra båtane på land og framom Fennefossen, Birkelandsfossen, Volefossen og Syrtveitsfossen. Fennefoss blei då eit namn på den første fossen og på same tid eit namn på den store, samla hindringa i Nedre Setesdal, som alle dei fire fossane var ein del av.

Historie

Området rundt Fennefossen (Verksmoen m.m.) er det rikaste kulturminneområdet i Evje og Hornnes. Her stod den berømte Galtelandsteinen i si tid. Det største gravfeltet i Setesdal var også her. I dag er mest heile gravfeltet borte. Men den store Kongshaugen ligg tilbake.

Haugianarane skapte industriverksemd

I 1803 kom Hans Nielsen Hauge til Setesdal og etter kvart til Fennefoss i Hornnes. Her såg haugianarane mogelegheitar i utnytting av vasskreftene i Fennefossen. Dei skaffa seg fallrettane i fossen i 1804, og fekk løyve til å sette opp papirmølle og vanleg kornmølle, og eventuell anna verksemd. Det blei gjort store investeringar, og papirproduksjonen kom i gang i 1806. Papirmølla blei lagd ned alt i 1813. Men verksemda i fossen elles fortsatte, og bygdefolket fekk kornet sitt malt på mølla her til ut på 1900-talet. Industrireisinga på vestsida av Fennefossen vart den første større næringa i Evje og Hornnes og heile Setesdal som ikkje var knytta til utnytting av jord.

Les også: Mølletrappa ved Fennefossen

Første husa på Evje

Den lokale gründeren Jens Nottoson Bjorå bygde butikk, kornmølle og bustadhus i Fossvik på austsida av Fennefossen rundt 1840-1847. Dette var dei aller første husa i det som seinare blei stasjonsbyen EvjeAdolph Johan Abrahamsen, som seinare blei ein av dei første handelsmennene i Hornnes og var med i det aller første styret i Evje og Hornnes Sparebank, var ei stund kompanjongen hans.

Evje nikkelverk

Seinare løyste Bjorå ut Abrahamsen, og selde austsida av Fennefossen til infanterikaptein Fridtjof A. Henriksen i Kristiansand. Henriksen var føregangsmannen for å bygge ut Evje nikkelverk her. Verket var i drift frå 1873 til 1946, og er den største industriverksemda som har vore i Setesdal nokon gong. Drifta var basert på nikkel frå Flåt nikkelgruve. I samband med drifta av Verket blei det også bygd kraftstasjon i fossen. Stasjonen var i drift 1909-1962. Lenge var det ruinar å sjå etter stasjonen. Men i arbeidet med å bygge «nye» Fennefoss kraftverk er også dei spora for det meste blitt borte.

Kjelder

Fleire bilete

Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad