Vekas bilete

Hoslemo gamle bru

Hoslemo steinkvelvbru, Bykle. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Hoslemobrua 26. desember 2017. Foto: Geir Daasvatn

Hoslemo gamle bru er ei steinkvelvbru over Hoslemobekken, på den gamle riksvegen mellom Bykle og Hovden.

Det blei bygd rideveg med breidde to meter frå Bykle kyrkje til Hoslemo som stod ferdig i 1895. Få år seinare blei det søkt om utviding av ridevegen til køyreveg, altså veg for hest og kjerre.  Denne utvida vegen kunne takast i bruk i 1904. Truleg blei den gamle Hoslemobrua bygd då.

I 1907 kom det køyreveg frå Hoslemo til Berdalsbru. Frå 1924 var det køyreveg frå Berdalsbru til Hovden. Først i 1935 var vegen utvida til ordentleg bilveg heilt opp til Hovden.

I 1964 kom ny bru over Hoslemobekken, Hoslemobrua, mellom den gamle brua og Otra som renn rett aust for Riksveg 9 i dette området.

Bakgrunn

Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal, var køyrbar til Valle kyrkje i 1844. Der stoppa arbeidet opp. Folka i dei øvre delane av Valle, og i heile Bykle, måtte framleis frakte varene sine på kløvhest. Det var tungvint. Men den kommunale viljen til å løyve pengar til veg vidare nordover til Bykle var ikkje stor. Først rundt 1865 blei det ordentleg fart i arbeidet. I 1879 stod vegen ferdig til Bykle kyrkje. Mykje av arbeidet var då gjort på dugnad av bygdefolk, skriv Leonhard Jansen i den glimrande boka om Postvegen som i dag er blitt til Riksveg 9.

Les meir om dei gamle steinkvelvbruene langs Riksveg 9 i Bykle

Kjelder

Fleire bilete

Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn
Den gamle steinvegen i Flårenden
Lognavatn – Åseral
Flygargravene på Bygland kyrkjegard
Stavenes kulturlandskap