Vekas bilete

Vestre Hodne i Hornnes

Vestre Hodne sett over Otra frå Austre Hodne 2. mai 2024. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Vestre Hodne 2. mai 2024. Foto: Geir Daasvatn

Garden ligg ved breidda av Otra, og er nabogard til Austre Hodne i Iveland.

Biletet er teke frå Austre Hodne. Me ser i nord-vestleg retning over Otra mot Brotet og Hodnemoen (bakerst).

Vestre Hodne er gnr. 25 i Evje og Hornnes kommune. Garden ligg altså heilt sør i kommunen, langs vestbreidda av Otra sør for Moisund, i det som iallfall litt tilbake i tida blei kalla Otradalen.

Plasseringa av garden nede i dalbotnen, på den beste jorda langs Otra, og det naturgjevne namnet, tyder på at han er svært gamal, truleg mellom dei eldste i Hornnes.

Litt historie

Gardsgrensene for Hodne (Horne) i Iveland og Klepp i Evje går over i kvarandre. Det same er det for gardsgrensene mellom Hodne og Moi i Hornnes. Det skal ikkje vere funne gravhaugar på korkje Hodne-gardane eller Klepp. Men det er eit stort gravfelt på Moi. Den store, lokale gardkjennaren Oddmund Mogstad har reist spørsmål om gravfeltet på Moi kan vere felles gravfelt for heile området?

Kjelder

Fleire bilete

Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn
Den gamle steinvegen i Flårenden
Lognavatn – Åseral