Vekas bilete

Linbekk bru – Øvrebø

Linbekk steinkvelvbru 26. mars 2024. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Linbekk bru 26. mars 2024. Foto: Geir Daasvatn

Linbekk bru ligg på Reiersdal i Øvrebø, og var ein del av den gamle setesdalsvegen.

Brua er ei steinkvelvbru, bygd i 1861. Ho var i bruk til 1887 (eller 1884). Då blei vegen lagt om i Lintjønnkleiva, og kom meir i det området Riksveg 9 ligg i dag.

Dei gamle bruene er fantastisk fine fotomotiv! Eg tok biletet i gråvér og litt duskregn. Det gir ofte fine og djupe fargar, etter mi erfaring. Eg har lysa opp undersida av brua litt i Lightroom, så det skal vere lettare å sjå den flotte oppmuringa i bogen.

Fleire bilete

Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn
Den gamle steinvegen i Flårenden
Lognavatn – Åseral
Flygargravene på Bygland kyrkjegard