Linbekkbrua nedst i Lintjønnkleiva 24. januar 2019. Foto: Geir Daasvatn

I fotspora til setesdølane – Lintjønnkleiva i Øvrebø

Lintjønnkleiva var ein bakke på den gamle setesdalsvegen, rett sør for Reiersdalskleiva, i Øvrebø i Vennesla.

Denne gamle, bevarte vegstubben ligg på vestsida av Riksveg 9, mellom Lintjønn og riksvegen, når du køyrer oppover bakkane etter å ha passert krysset der det går veg innover mot Reiersdal og Tjomsås.

Køyrevegen (kjerrevegen) i kleiva her blei bygd i 1833. Han passerte forbi ein husmannsplass ved Lintjønn. Der skal ein kjend felemakar ha vakse opp. Over Linbekken gjekk Linbekk bru. Den første brua var ei trebjelkebru. Trebrua blei erstatta av steinkvelvbrua på biletet ovafor i 1861.

Vegen i Lintjønnkleiva var i bruk som setesdalsveg til 1884. Då blei han flytta litt austover, til om lag der Riksveg 9 går i dag.

Setesdølane i Lintjønnkleiva

Før det kom køyreveg oppover i Setesdal på byrjinga av 1840-talet, brukte setesdølane mykje å fare langs Fjellmannsvegen (Dalevegen) når dei var på bytur. Det var ein veg for gåande og kløvhestar, og kanskje hest med slede om det var mogeleg. Denne eldre kløvvegen gjekk litt lenger vest i terrenget i dette området, bortover mot Tjomsås. Eg vil tru at dei fleste dølane forlot Fjellmannsvegen, og heldt fram turen på den nye kjerrevegen, etter kvart som han stod ferdig oppover frå Kristiansand mot Kile.

Kart over området

Kjelder

Du vil kanskje også sjå

Annonse

Fleire kulturminne

Haugefjellet feltspatgruve – Evje
Syrtveitsfossen – flotingsmurar
Sørstemmen – Jordalsvatn
Sanden Såre – flotingsmur
Riksveg 400 forbi Kalveskinnsuppsa
I fotspora til setesdølane – Kiledalskleiva i Hægeland
Postvegen – Nesmoen
I fotspora til setesdølane – Reiersdalskleiva i Øvrebø
Løylandsloftet – Grendi
Postvegen – Bjørnaråkleiva
Postvegen – Rakkenesbakken
I fotspora til setesdølane – Myrbotnkleiva