Bykle gamle kyrkje 19. mai 2021. Foto: Geir Daasvatn

Bykle gamle kyrkje – unikt kulturminne i Setesdal

Bykle gamle kyrkje er  ei av dei minste soknekyrkjene i Norge, og den mest særmerkte i Setesdal.

Kyrkja er open 22. juni–13. august dagleg kl. 11-17. Gratis inngang.

Kyrkja skal vere bygt i 1620, og kunne såleis feire stort 400-årsjubileum i 2020. Men før 1620 må det også ha stått ei kyrkje i Bykle, truleg ei stavkyrkje. Første gong ein kan finne spor av kyrkje i Bykle i skriftlege kjelder, er i år 1327 då ein utsending frå Paven er i Bykle og registrerer «Eccl. de Buglum».  Me kan nok rekne med at denne første kyrkja då var bygt mange år før det igjen. Det var ganske sikkert ei stavkyrkje, då mest alle trekyrkjer som blei sett opp før Svartedauden – altså før rundt år 1350 – var slike bygg.

Dagens kyrkjebygg har våpenhus, skip og kor, men ikkje sakristi. Langskipet er 7,21 m langt, 6,67 m breitt og 3,62 m høgt. Det er plass til 70–80 personar i sjølve kyrkjeromet, og 35–40 på trevet. Kyrkja blei grundig restaurert i åra 1803–1806. Ho har også blitt reparert både før og etter dette. Den siste gongen var på 1980-talet, då ein del rotne plankar blei skifta ut.

I 1826 blei kyrkja rosemåla. Kunstnaren bak meisterverket er Aslak Wasshus frå Neslandsgrend i Telemark. Han fekk hjelp av Knut Åvoldson Byklum.

Stykket held fram under biletet

Den vakre rosemåla kyrkja. Foto: Geir Daasvatn

Kyrkja har to galleri, eitt for gutane og eitt for jentene. Nåde den som kom for nære ein av det andre kjønn!

Eit litt trist minne om at tidene var heilt annsleis så langt tilbake i tid, er at bakom trappa opp til galleriet står ein einsleg benk – «tausestolen». Der måtte kvinner som hadde born utanfor ekteskapet sitte.

Korleis kome til kyrkja

Anten du kjem nordfrå frå Hovden, eller sørfrå frå Valle, ligg kyrkja rett ved Riksveg 9 i Bykle kyrkjebygd. Bare få meter unna ligg den nye Bykle kyrkje.

Kjelder

  • Informasjonsark i kyrkja, utarbeidd av Bykle kommune (størstedelen av teksten er henta derfrå)
  • Bykle gamle kyrkje 400 år. 1620–2020, jubileumsskrift, utgjeve av Bykle sokneråd 2020

Meir om kyrkja

Du vil kanskje også sjå i nærleiken

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør
Flatelandsmoen – Gjøvdal
I fotspora til setesdølane: Helveteskleiva ved Langevatn
Gamle setesdalsvegen mellom Fossåna og Tromyr i Hægeland
Setesdalsbanen – Dammen, Vassend
Straumen – husmannsplassen til ferjemannen