Bygdeborga på Slottbakkfjell 3. juni 2024. Foto: Geir Daasvatn

Bygdeborga på Slottbakkfjell

På Slottbakkfjell ved Birketveittjønna nær kommunesenteret Birketveit i Iveland ligg restane etter svære borgmurar i ei bygdeborg.

Ekspertane trur bygdeborgene var forsvarsanlegg. Slottbakkfjell er bratt og tildels stupbratt mot nord-nord/vest og aust-sør/aust. På dei andre sidene er hellinga svakare. Borgmurane blei difor sett opp der. Mellom to mindre kollar mot nord-vest er det eit trongt skar. Det har kanskje vore inngangen til borga.

Murane er lette å sjå i terrenget. I dag er dei noko utrasa, og dels attgrodde av mose og lyng. Men dei store mengdene med stein vitnar om at det ein gong har vore svære murar her.

Stykket held fram under biletet

Restar av muren lengst mot nord 3. juni 2024. Foto: Geir Daasvatn

Dateringa på Kulturminnesøk.no er jernalder. Tradisjonelt har arkeologane meint at bygdeborgene stammar frå folkevandringstida eller sein romartid. Det kravde stor arbeidsinnsats å bygge slike festningsanlegg. Borga er nok difor blitt til i ei spesielt uroleg tid, då det var behov for vern mot inntrengjande fiendar.

Kart over området

Kjelder

Sjå også

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa