Den gamle vegen høgt oppe i Kalveskinnsupsa med Riksveg 9 langt der nede. Foto: Geir Daasvatn

Futevegen – Kalveskinnsupsa

Ein gamal Daleveg, av mange kalla Futevegen, kom frå Evje forbi Syrtveitgardane og gjekk høgt oppe i lia ved Kalveskinnsupsa før han svinga ned til husa i Vassend.

Vegen var ein ride- og kløvveg, som etter kvart blei opparbeidd til sledeveg. At han ofte er kalla «Fute-vegen», kjem av at han var administrasjonsveg og blei brukt mellom anna av futen i Råbyggelaget når han var ute på «tenestereise» oppover dalen. Futen heldt til på Nes i Herefoss. Eit anna namn var «Kyrkje-vegen», fordi folk brukte han ned til Evje kyrkje.

Det lille stykket eg taler om her, er vegen mellom Skogly i sør og Digerud (Kleivevollen) i nord. Den korte strekninga har vore i bruk heilt til våre dagar, som snarveg, turveg, rideveg og delvis traktorveg, seier Reidar Tveito i eitt av dei imponerande hefta sine om lokalmiljøet rundt Byglandsfjord.

Stykket held fram under biletet

Vegen går høgt oppe i lia. Om du tek nokre steg ut mot kanten, kan du få fine glimt av Vassend og Byglandsfjord. Foto: Geir Daasvatn

Den gamle vegen passerte forbi Kalveskinnsupsa. Det er der det var bomstasjon i si tid. Ned mot elva er det også fine minne om den nye vegen Evje–Vassend som avløyste Futevegen kring 1887. I dag rår Riksveg 9 grunnen her, med ein enkel, men nydeleg rasteplass heilt ut mot Otra.

Kan vere svært gamal

Kor gamal vegen faktisk er, veit knapt nokon. Men den lokale vegkjennaren Oddmund Mogstad meinte han kunne vere frå før-kristen tid, skriv Reidar Tveito.

Avløyst av nyare vegar

Vegen gjekk på oversida av husa i Kleivevollen. Men den godt synlege stigen tek til rett på sørsida av det gamle bustadhuset. Foto: Geir Daasvatn

Den gamle Futevegen var ein rotelagt veg, er det forklart i den glimrande boka om Postvegen og Riksveg 9. Bøndene plikta å halde vegen i stand for allmenn ferdsle. Han var i alminneleg bruk til rundt 1842. Om lag då kom det ny «hovudveg» nordover på vestsida av Otra mellom Fennefoss og Gullsmedmoen. Den vegen blei nok av setesdølane vurdert som den greiaste å bruke etter det. Men den lokale trafikken mellom Evje og Vassend vil eg tru framleis for ein stor del gjekk her på austsida.

Fin spasertur!

Om du har lyst til å sjå dette fine vegminnet med eigne augo, er det grei, opptrakka stig frå det litt «forlatte» huset i Kleivevollen sørover til Skogly. Det kan vel vere om lag 500 meter eller så. Fram og tilbake er såleis bare ein liten «svipptur», men sanneleg ein interessant ein!

Kjelder

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Fleire kulturminne

Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen