Heddisloptet 30. juni 2022. Foto: Geir Daasvatn

Heddisloptet

Heddisloptet er eit loft (stabbur) bygd i 1582 på Hedde i Hylestad.

Loftet blei seld ut av Setesdal tidleg på 1970-talet, og stod fram til 2021 på Snarøya i Bærum.

Eigaren hadde testamentert loftet til Riksantikvaren ved sin død. I 2021 blei bygget demontert, og frakta «heim» til Hedde.

Det er setta opp igjen på gardsbruket «Der nede» som Harald Åge Helle eig. Riksantikvaren har også overført eigedomsretten til loftet til Helle.

Torsdag 30. juni 2022 var det stor feiring på Hedde av at loftet er tilbake i Setesdal. Mellom deltakarane var assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.

Korleis ser du loftet

Heddisloptet ligg rett på oversida (vestsida) av Riksveg 9 sentralt på Hedde. Du kan mest ikkje unngå å sjå praktbygget, tett inntil det kvite våningshuset på garden.

Kjelder

  • Ole Birger Lien, 1500-talslopt skal tilbake til Helle!, artikkel i Setesdølen nr. 96, 2019, s. 3
  • Sigurd Haugsgjerd, Feirar Heddisloptet, artikkel i Setesdølen nr. 46, 2022, s. 2

Sjå også

Heddisloptet er heime igjen, og det må feirast! Birgit Annette Helle og Tor Espen Helle slår seg laus under heimkomstfesten 30. juni 2022. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Løylandsloftet – Grendi
Gjetarhytta på Bjåen
Krigsminnesmerket ved Korpenuten
Kjetsåbrua – Hornnes
Langerak kraftverk – røyrgata
Postvegen – Kroni til Moen
Nesodden gravrøys
Auvervassåi gamle bru – Bykle
Futevegen – Klevelandskleiva
Rygnestadtunet – det mest særmerkte i Setesdal
I fotspora til setesdølane – Kiledalskleiva i Hægeland
Riksveg 400 – Lauvdalsodden

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.