Mur etter køyrevegen frå 1873 på Dåsneset 20. juni 2024. Foto Geir Daasvatn

Postvegen – Dåsneset ved Einang

Nord-vest for Einang ligg i fin, gamal vegsløyfe etter den første køyrevegen skjult inne i skogen på vestsida av Riksveg 9.

Like nord for Einang møtest alle generasjonar veg, er det sagt i den store boka om Postvegen og Riksveg 9. Dette er såleis eit veldig spennande område å kikke etter gamle vegspor i, for oss som synest det er gøy å finne slike kulturminne ute i skogen.

Første køyrevegen for hest og kjerre

Vegen me talar om, er den første køyrevegen for hest og hjulkøyretøy mellom Bykle og Valle. Han var ei forlenging av Postvegen, som kom fram til Valle i 1844. Men det gjekk mange år før det blei fart i vegbygginga vidare nordover. Forbi Einang blei vegen bygd i 1873. Heilt opp til Bykle kyrkjebygd var han ferdig først i 1879.

Ei svær steinfylling over eit søkk i terrenget. Foto.
Ei svær oppbyggig av vegen over eit søkk i terrenget. Foto: Geir Daasvatn

Her finn du vegen

På austsida av Riksveg 9, nord-vest for Einang, tek turløypa opp til toppen av Einang til. Kjem du med bil, må du parkere på andre sida (vestsida) av riksvegen. Då parkerer du på den gamle riksvegen som var i bruk frå 1930 og mange årtider framover. På Norgeskart.no er 1930-vegen teikna inn med stipla linje. Mellom desse to vegane ligg så køyrevegen frå 1873–1930. Du må kikke deg litt rundt inne i skogen for å finne han, men han er tydeleg å sjå spesielt i nordre enden. Fleire stader er det svære steinfyllingar og støttemurar som syner nøyaktig kor vegen gjekk.

«Alle generasjonar veg»

Som sagt møtes alle generasjonar veg i dette området. Lengst vest, ut mot Otra, ligg riksvegen 1930–1992. Rett aust for der igjen ligg Postvegen 1873–1930, som eg har sagt litt om her. Endå aust for der igjen susar me forbi på Riksveg 9, bygd 1992. Innanfor (aust for) Rv-9, i skogen, gjekk den gamle dalevegen. Det var ride- og sledevegen som var før det kom køyreveg i 1873. Alle desse ulike traseane er veldig oversiktleg teikna inn på kart bak i den nemnte boka om Postvegen og Riksveg 9.

Dåsneset på Norgeskart.no

Kjelder

Du vil kanskje også sjå

Fleire kulturminne

Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle