Den gamle vegen ved Einang 15. oktober 2023. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Einang

Rett nord-vest for Einang kan me framleis finne igjen ei lang sløyfe av den første køyrevegen mellom Valle og Bykle.

Postvegen – den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal – stod ferdig fram til Valle kyrkje i 1846. Vidare nordover til Bykle var det framleis ikkje køyrbar veg. Først i 1865 blei det litt fart i planane om køyreveg til Bykle. Arbeidet kom i gang på byrjinga av 1870-talet. I 1879 stod vegen endeleg ferdig fram til Bykle kyrkje.

Einang

Forbi Einang blei vegen bygd i 1873. Denne første vegen var i bruk til 1930. Då blei han lagt litt om, og kom nærare der Riksveg 9 går i dag. Riksveg 9 slik han ligg nå kom i 1992.

Før køyrevegen kom i 1873, gjekk også den endå eldre ride- og kløvvegen (Dalevegen) her. Så her møtest alle gererasjonar veg, som Leonhard Jansen skriv i den fine boka om Postvegen og Riksveg 9.

Gamlevegen er framleis godt synleg i skogen under Einang, på austsida av Riksveg 9. Du kan svinge inn mot Homme ved nordre enden av Einangsbrua. 50–100 m frå krysset finn du starten på den nyare traseen frå 1930. Går du innover vegen kjem du snart til ei kjempesvær steinblokk. Under steinen var Byklehedden. Eit lite stykke etter dette igjen går ein vegstubb til høgre. Der kan du finne den eldre vegen frå 1873.

Nå er dette vegstykket mest som ein stig gjennom skogen. Men du ser tydeleg korleis vegbana er bygd opp, og det er laga til ei lita steinbru over ein bekk.

Ei lita steinbru på gamlevegen. Foto.
Ei lita bru på gamlevegen gjennom skogen. Foto: Geir Daasvatn

Einang på Norgeskart.no (dei gamle vegane er teikna inn på kartet med stipla liner)

Kjelder

Du vil kanskje også sjå

Fleire kulturminne

Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør
Flatelandsmoen – Gjøvdal
I fotspora til setesdølane: Helveteskleiva ved Langevatn
Gamle setesdalsvegen mellom Fossåna og Tromyr i Hægeland
Setesdalsbanen – Dammen, Vassend
Straumen – husmannsplassen til ferjemannen