Gamlevegen i skogen på Bjørnarå. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Bjørnaråkleiva

I skogen på Bjørnarå finn me framleis spor etter den første ordentlege køyrevegen mellom Valle og Bykle.

Den første køyrevegen oppover i Setesdal, mellom Kile og Valle, blei bygd først på 1840-talet. Sør for Kile, frå Kristiansand og nordover, var det kome køyrbar veg litt før, i fleire etappar, på første halvdel av 1830-talet. I Setesdal er denne første «setesdalsvegen» mykje blitt kalla Postvegen. Med køyreveg er då meint ein veg som var køyrbar med hest og kjerre.

Køyreveg til Bykle først i 1879

Då vegen var komen til Valle, rundt 1844–1846, stoppa arbeidet opp. Først i 1867 kom arbeidet med å forlenge vegen oppover til Bykle for alvor i gang. Den største hindringa var Byklestigen. Arbeidet her blei utført i 1876–1879.

Bjørnarå

Ved Bjørnarå, den første garden me kjem til etter å ha passert kommunegrensa mellom Valle og Bykle på veg nordover, står framleis ei sløyfe av den gamle Postvegen att i skogen på austsida av Riksveg 9. Stykket blei kalla Bjørnaråkleiva. På Kulturminnesøk.no heiter det at vegen her blei bygd ca. 1873, og var i bruk til 1930. Vegen gjekk oppe på fjellknausen på staden. Nå er ganske mykje av han sprengt bort ved seinare vegutbetringar. Spesielt den høge fjellskjeringa.

Men om du tek deg ein tur i skogen rett på sørsida av Bjørnarååne, og straks sør for det sørlegaste bruket på Bjørnarå, finn du lett dei gamle steinmurane etter vegen. Eller du kan spasere opp skogsbilvegen som tek til før den svære fjellskjeringa, og gå ned til gamlevegen ovanfrå.

Etter å ha passert over Bjørnarååne på ei bru, som er borte nå, gjekk vegen gjennom tunet på Bjørnarå og vidare på nedsida av dagens Rv-9. Bortover her er det fleire stader mogeleg å sjå merke etter gamle vegar. Men det får eg i tilfelle skrive litt om i eit nytt stykke – ein annan gong.

Kart over området.

Kjelder

Fleire kulturminne

Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven