Eljannskleivan ved Brune. Den eldste vegen gjekk utover t.h. i biletet. Vegen som kom i 1847 gjekk rett fram over ei trebru. Brua på biletet er ei nyare gangbru som er bygd opp. Foto: Geir Daasvatn

I fotspora til setesdølane – Eljannskleivan på Hægeland

Den gamle setesdalsvegen gjennom Hægeland gjekk forbi Hægeland kyrkje og ned Eljannskleivan før han passerte over Eldjansåna på bru.

Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Eldjannskleivan, blei bygd i 1835. Vegen ligg noko aust for dagens Riksveg 9. Det er lagt opp svære steinmurar for å gjere vegbanen nokonlunde rett. På oversida er det også fleire stader laga steinmurar for å halde overliggande masse borte frå vegen.

Eljannskleivan. «Hovudvegen» til byen for setesdølane 1835–1884. Foto: Geir Daasvatn

Vegen blei lagt om ved Bruna i 1847. Brukara etter den eldste brua frå 1835 syner framleis godt. Den nyare trebrua frå 1847 er for lengst rotna bort. Det er laga til ei gangbru i staden.

Frå Bruna gjekk vegen vidare opp til gardsbruket Med Bruna, og derifrå nordover gjennom skogen forbi Torvstrømyra og ned til det sørlegaste gardsbruket på Kile, Simonstad. Det er der det er «juletrefarm» i dag, rett ved Riksveg 9.

Ved gardsbruket Med Brune. Vidare nordover mot Kile er gamlevegen utbetra til gardsveg. Foto: Geir Daasvatn

Då Postvegen kom vidare oppover i Setesdal først på 1840-talet, og setesdølane endeleg kunne bruke hest og kjerre når dei drog på byferd, var det denne nye køyrevegen i Eljannskleivan dei nytta når dei skulle til Kristiansand.

Vegstykket var i bruk som setesdalsveg til 1884. Då blei vegen lagt om og kom nærare der Riksveg 9 går no. I dag er Eljannskleivan ein fin og veldig idyllisk turveg for dei lokale på Hægeland.

Fjellmannsvegen

Den endå eldre setesdalsvegen, ridevegen som ofte er kalla Fjellmannsvegen eller Dalemannsvegen, gjekk frå Hægeland over Lauvåsheia til Slettefet i Hornnes. Men det var stort sett bare ferdafolk med hest og krøter som gjekk den vegen, fortel Torfinn Normann Hageland i boka si om gamle vegar i Vest-Agder. Det meste av trafikken langs Fjellmannsvegen i dette området gjekk i staden frå Hægeland ned til Kile, og med robåt vidare opp til Fennefoss. Altså i omtrent same område som den første køyrevegen kom frå 1835.

Kart over området. Vegen er teikna inn med grå farge frå Hægeland kyrkje til Hjuringfallet

Kjelder

Du vil kanskje også lese

Fleire kulturminne

Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida