Gamle Setesdalsvegen ved Tromyrkleiva på Eikeland i tidlegare Hægeland herad 6. mai 2023. Foto: Geir Daasvatn

«Setesdalsvegen» forbi Troåsen i Hægeland

Frå rundt 1835 til 1884 gjekk den første køyrbare «Setesdalsvegen» i Tromyrkleiva på Eikeland, noko vest for dagens Riksveg 9, rett sør for Hægelandskrossen.

Vegen forbi Tromyrkleiva blei bygd 1829–1835 heiter det på Kulturminnesok.no, og utvida 1845–1847. Han var i bruk til 1884. Då blei det bygd ny trasé på austsida av Spelarfjellet, meir der Riksveg 9 ligg i dag.

Før det kom køyreveg mellom Kristiansand og Setesdal var byvegen for setesdølane ein gang- eller kløvveg som byfolka gjerne kalla «Fjellmannsvegen» eller «Dalemannsvegen». Den vegen kom også forbi Hægeland og Eikeland, men gjekk ellers lenger vest og høgare oppe i heia.

Ved Kongeleg resolusjon 23. april 1839 vart det bestemt å bygge «Hovdevei» frå Kristiansand til Valle kyrkje, dvs. oppover i Setesdal. I dalen er vegen seinare mykje blitt kalla «Postvegen». På det tidspunktet fantest det altså alt ein køyreveg for hest og kjerre frå Kristiansand til Hægeland. Rundt 1840 kom Postvegen forbi Hornnes, og i 1846 stod han ferdig til Valle kyrkje.

Utan at eg skal seie det sikkert, er det nok mykje truleg at setesdølane tok den nye vegen vidare sørover frå Hægeland då han stod ferdig rundt 1835.

Frå dette tidspunktet og fram til 1884 var Tromyrkleiva – vegen me ser på bileta her – såleis ein del av byvegen for setesdølane.

Kart – Den gamle vegen er den stipla linja mellom Spelarfjellet og Troåshei

Kjelder

Du vil kanskje også lese

Tromyrkleiva i dag. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Postvegen – Vrongevje
Tveitbakk – flotingsmur
Riksveg 400 – Syrtveit til Døletorv
Postvegen – Einang
Postvegen – Skorpetveit
Haugefjellet feltspatgruve – Evje
Syrtveitsfossen – flotingsmurar
Sørstemmen – Jordalsvatn
Sanden Såre – flotingsmur
Riksveg 400 forbi Kalveskinnsuppsa
I fotspora til setesdølane – Lintjønnkleiva i Øvrebø
I fotspora til setesdølane – Kiledalskleiva i Hægeland