Kiledalskleiva bru, rett før Postvegen kjem inn i Evje og Hornnes sørfrå. Bare nokre få hundre meter frå Riksveg 9 ligg dette kunstverket gøymt i skogen, framleis ukjent for mange. Brua er særmerkt, fordi ho ligg i ei bratt kleiv. Vegen mellom Kile og Hornnes blei bygt rundt 1839–1841, og byggeåret til brua er sagt å vere 1840 på Kulturminnesok.no. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen i Hornnes

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Gjennom Hornnes kom han rundt 1840.

Mellom Fennefoss og Senum i Hornnes kom den aller første køyrevegen i indre Agder i 1803–1804. Me kan undrast litt. Kvifor akkurat her? Setesdølane trong å hente livsnødvendige varer som til dømes korn og salt frå Kristiansand eller andre handelsplassar ute ved kysten. Før det kom køyrevegar måtte varene fraktast med hest. Det var mogeleg å få båtskyss på nokre strekningar, som frå byen og opp til Mosby, på Kilefjorden opp til Dalemannsteinen under Fennefossen og på Byglandsfjorden.

Stiftsamtmann Otto Joachim von Moltke i Kristiansand ville bygge veg forbi fossane i Otra, der båtfrakt ikkje var mogeleg. Den eine vegen skulle gå frå Mosby til Iveland, men blei ikkje noko av. Men mellom Fennefoss og Gullsmedmoen stod altså vegen ferdig i 1804.

Vegmeister Johnsen la ein plan

I 1827 blei Georg Daniel Bart Johnson vegmeister. Alt i 1833 la han fram ein plan om veg oppover i Setesdal.

Igjen kan me spør: Kvifor i Setesdal alt no? Den viktigaste vara setesdølane hadde å tilby var tømmer. Kjøpmennene i Kristiansand var svært interesserte i å få hand om denne tømmerhandelen. Difor var det ingen motstand mot prosjektet, sjølv om det framleis var mykje ugjort vegarbeid i meir sentrale strøk.

Ved kongeleg resolusjon 23. april 1839 gjorde regjeringa såleis vedtak om å bygge veg frå Kristiansand til Valle kyrkje, og løyvde 58 000 speciedalar av statskassa til føremålet. Vegen var meint å skulle vere eit «spleiselag» mellom staten og oppsittarane langs vegen. Det offentlege skulle opparbeide dei vanskelegaste og farlegaste strekningane.

Gjennom Hornnes om lag 1839–1841

Vegen kom gjennom Kiledalen i Hægeland fram til Moi og Hornnes rundt 1839–1841. Han passerte over Dåsåna i Dåsnes på bru, og gjekk vidare på vestsida av Otra forbi Fennefoss opp til Gullsmedmoen. Først i åra fram mot 1889 blei det bygt ny hovudveg mellom Evje og Vassend på austsida av Otra.

Stykket held fram under biletet

Dei gamle brukara i Dåsnes, etter Postvegbrua frå tida rundt 1840. Foto: Geir Daasvatn

Ved Gullsmedmoen var det ferjestad over til austsida av Byglandsfjorden. Det vanskelegaste punktet for vegbyggarane vidare oppover langs austsida av fjorden var Fånekleiva mellom Longerak og Lauvdal i Bygland. Kleiva vart forsert i 1842. Det var ferjer ved Storestraumen og Flårenden i Valle. Vegen var til å gå fram til Valle i 1844. Heilt ferdig og køyrande hit var han i 1846. Han blei avlevert i 1847. Til Bykle kyrkjebygd kom vegen først i 1879. Då hadde ein arbeidd seg forbi det mest utfordrande stykket på heile vegen, Byklestigen.

Ein revolusjon for livet i Setesdal

Den nye hovudvegen fekk enorm innverknad på samfunnsutviklinga i Setesdal.

Det var ein revolusjon. Ei omvelting dalen før aldri hadde opplevd makan til, skriv Leonhard Jansen i ein artikkel om Postvegen i Agderposten 29. mars 2019.

Det blei no mykje enklare og raskare å reise til Kristiansand, og varer kunne fraktast langs landevegen i staden for å måtte kløvast på hesteryggen. Den gamle, tradisjonelle tilknytninga til Nedenes amt og Arendal blei for ein stor del broten. I eit brev frå formannskapet i Bygland i 1839, ført i pennen av sokneprest Münster, til vegmeisteren i amtet, meiner byglendingane at den nye vegen sikkert er det viktigaste faktum i heile dalens historie.

Kjelder

Du vil kanskje også lese

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean