Mjølkebua på Torsland etter restaurering 31. juli 2022. Foto: Geir Daasvatn

Mjølkerampa på Torsland

I Torslandskrysset i Åseral står ei lita trebu i vegkanten. Det er ei gamal mjølkerampe som truleg er oppført like etter 2. verdskrigen.

Her sette ein mjølkespann som skulle sendast vidare til Bjelland meieri. Rampa blei også brukt for eksempel til postlevering.

I dag er mjølkerampa på Torsland den einaste av sitt slag i Åseral, og eit verdifullt kulturminne.

I 2022 fekk Gunnar Magne Austrud tilskot til rehabilitering av mjølkerampa.

Bua var i dårleg stand, og initiativet til restaurering var heilt naudsynt for å ta vare på ho. Etter ein felles befaring med utvald handverkar og Byggeskikksenteret i Flekkefjord gjennomførte ein arbeidet på ein framifrå måte.

Torslandskrysset på Norgeskart.no

Kjelder

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Saldalskleiva på Aukland
Blodsteinen – Åseral
Straumsfjordstemmen
Bykle gamle bru
Galtelandskanalen, eit minne frå krigen
Futevegen – Syrtveit sør
«Tyskarvegen» på Langeid
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Setesdalsbanen – Dammen, Vassend
Haugenloftet – ein unik kulturskatt
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Fjellskarbrua – Rysstad

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.