Den spesielle «Villaen» i Bakken. Foto: Geir Daasvatn

Bakken – Bjørgum

Bakken er eit gardsbruk (gnr. 67 bnr. 3) på Bjørgum i Hylestad. Bruket ligg lengst aust av dei fire hovedbruka i garden. Det er mange gamle og spesielle bygningar på eigedomen. Fleire av desse er freda.

Det er ikkje fast busetnad i Bakken i dag. Heimelshavar er Trygve Askvig, Oslo.

Historie

Tor Arnesson Bjørgum eigde gardsbruket til 1920. Han selde då eigedomen til skipsreiar Emil Stray i Kristiansand. Stray bygde i 1920–1921 den særmerkte «Villaen» noko lenger oppe i lia enn hovudtunet på bruket. Han og kona Ingrid Stray dreiv pensjonat på Bakken i nokre år. Stray overførte eigedomen til kona i 1924. Ho selde han vidare til Oslo-mannen Gudbrand Askvig i 1935. Han var direktør i Norsk Brændselolje AS, og i hans tid som eigar blei Villaen mykje nytta som gjestebustad for tilsette i selskapet.

Stykket held fram under biletet

Det gamle stogehuset, truleg frå 1600-talet. Foto: Geir Daasvatn

I tida etter at eigedomen kom på utanbygds hender, var det fleire brukarar. Olav Andresson Bjørgum bruka til 1950. Sonen hans, Tarjei, dreiv bruket til 1955. Olav Niklosson Brokke bruka til 1965, og Torleiv Arnesson Bjørgum til 1970. Olav K. Hovet og kona Anne forpakta etter han.

Bjørgum–Rysstad på Norgeskart.no

Kjelder

Sjå fleire bilete av dei gamle husa

Rett i nærleiken

Fleire kulturminne

Straumen – husmannsplassen til ferjemannen
Hannås jernbanebru – Hornnes
Langeidsverdet
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Tårnet – Longerak
Haslebakken – Ose
Riksveg 400 – Syrtveit sør
Postvegen – Valle
Lundarhalsen – heidensk offerstad på Frøysnes?
Åseral kyrkje
Tverrå gamle bru – Bykle
Det første kraftverket på Hovden

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.