Den gamle setesdalsvegen rett nord for Med Tjønna 9. mars 2024. Foto: Geir Daasvatn

I fotspora til setesdølane: Med Tjønna på Sandripheia

Nord for småbruket Med Tjønna på Sandripheia i Øvrebø står ei fin sløyfe av den gamle setesdalsvegen att, godt gøymt inne i skogen på austsida av Riksveg 9.

Køyreveg for hest og vogn oppover i Setesdal kom først på 1840-talet. Frå Kristiansand og nordover blei det bygd køyreveg noko tidlegare. Nordover frå Skarpengland kom vegen i åra 1829–1833.

Når du kjem opp til toppen av den lange kleiva rett nord for Skarpengland sørfrå, flatar terrenget ut og du ser etter kvart det vesle småbruket Med Tjønna på di høgre side. Med andre ord på austsida av Riksveg 9. Her ligg det att ein trasé av den første køyrevegen i ei lengde av om lag ein kilometer.

Rett nord for småbruket er det svære murar som syner kor vegen gjekk. Men også vidare forbi Dalehefte er spora etter vegen godt synlege, med steinsettingar og andre vegmerke.

Vegen var ikkje lenge i bruk. Alt i 1848 blei han lagt om. Etter det eg skjøner kom veglina då nærare der riksvegen går i dag.

Kart over området (sjå raud stipla line nord for Tjønna)

Kjelder

  • Artikkelen om vegen forbi Med Tjønna på Kulturminnesok.no

Fleire stykke om den gamle byvegen til setesdølane

Me er litt lenger nordover langs den gamle vegen. Me ser lett kor han har gått. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør