Knutskleiva sett frå toppen nedover bakken, dvs. nordover mot Homstean. Foto: Geir Daasvatn

I fotspora til setesdølane – Knutskleiva ved Homstean

Rett sør for Homstean i Øvrebø i Vennesla, på nedsida (vestsida) av Riksveg 9, står mest heile Knutskleiva igjen etter den aller første kjerrevegen nordover frå Kristiansand.

Vegen i kleiva blei bygd i 1832. Dette var lenge før Postvegen kom gjennom Setesdal. Men seinast då Postvegen var køyrbar med hest og kjerre først på 1840-talet, blei vegen her byvegen også for setesdølane.

Bare om lag 200 meter vest for kleiva er det ein hôlveg, kanskje ein del av den vestre Fjellmannsvegen. Det var ridevegen setesdølane mykje brukte på bytur før det kom kjerreveg.

Setesdalsvegen forbi Knutskleiva blei utvida i 1844–1848, og var i bruk til 1874. Så opp denne kleiva har mange ein setesdøl streva seg med bytromet sitt! Tenk litt på det medan du køyrer lettvint oppover bakken på Riksveg 9 frå Homstean mot Vehus.

Knutsdalen med Knutskleiva på Norgeskart.no

Kjelder

  • Artikkelen om Knutskleiva på Kulturminnesok.no

Les fleire stykke om den gamle setesdalsvegen gjenom Vennesla

Sett nedanfrå ser me at vegen gjennom heile kleiva er mura opp for å rette det skrå terrenget i skogen. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Postvegen – Flateland bru
Gamlevegen ved Berdalsbru
Postvegen – Brennevinskleiva
Austadburet
Lundarhalsen – heidensk offerstad på Frøysnes?
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Kleveknuten bygdeborg – Hornnes
Blodsteinen – Åseral
Postvegen – Valle
Nyestog – Rygnestadtunet
Fånefjell vegmiljø
Gamle vegmurar – Nesetsvingen nord

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.