Svære murar i Myrbotnkleiva. Foto: Geir Daasvatn

I fotspora til setesdølane – Myrbotnkleiva

Myrbotnkleiva var ein lang bakke på den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand, rett ved Riksveg 9, mellom Vehus og Homstean i Øvrebø.

Vegen i kleiva ned til Knutsmyr blei bygd i 1829–1832. I dag finn du han lett rett sør for krysset mellom Riksveg 9 og Fylkesveg 3948 (Utsognvegen) mot Stokkeland. Nokre få hundre meter lenger nord, nærare Homstean, ligg eit anna godt bevart vegstykke frå denne tida, Knutskleiva.

1832 var lenge før Postvegen kom gjennom Setesdal. Men seinast då Postvegen var køyrbar med hest og kjerre først på 1840-talet, blei vegen her byvegen også for setesdølane.

Setesdalsvegen forbi Myrbotnkleiva blei utvida i 1844–1848, og var i bruk til 1874. Så opp denne kleiva har mang ein setesdøl streva seg med bytromet sitt! Tenk litt på det medan du køyrer lettvint oppover bakken på Riksveg 9 frå Homstean mot Vehus.

Området der Myrbotnkleiva ligg på Norgeskart.no

Kjelder

  • Artikkelen om Myrbotnkleiva på Kulturminnesok.no

Du vil kanskje lese fleire artiklar om den gamle setesdalsvegen?

Det er lett å sjå kor vegen har gått! Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Haugefjellet feltspatgruve – Evje
Syrtveitsfossen – flotingsmurar
Sørstemmen – Jordalsvatn
Sanden Såre – flotingsmur
Riksveg 400 forbi Kalveskinnsuppsa
I fotspora til setesdølane – Lintjønnkleiva i Øvrebø
I fotspora til setesdølane – Kiledalskleiva i Hægeland
Postvegen – Nesmoen
I fotspora til setesdølane – Reiersdalskleiva i Øvrebø
Løylandsloftet – Grendi
Postvegen – Bjørnaråkleiva
Postvegen – Rakkenesbakken