Landeeika 29. desember 2022. Foto: Geir Daasvatn

Landeeika gjennom nok eit år!

Om bare to dagar kan Landeeika feire endå eit årsskifte. Nøyaktig kor mange det har vore, veit vel ingen. Men kanskje 600, 800 eller 1000?!

Eg kom forbi Grendi i dag. Eg blei litt uroa, for Landeeika såg endå litt skakkare ut enn sist eg såg henne. Truleg var det bare synet – eller husken – som spelte meg eit puss. For då eg kom bort og prøvde å rugge litt på henne, stod ho like fast som nokon gong!

Ho ber nokre teikn på alderdom, den gamle kjempa! Foto: Geir Daasvatn

For deg som ikkje endå er kjend med dette klenodiet i Setesdal, er Landeeika eit eldgamalt tre, kanskje 1000 år gamalt. Det veks like attmed riksveg 9, eit par hundre meter sør for Årdal kyrkje.

I fylgje forfattar Nystad var dette eit heilagt tre. Diameteren i rota skulle vera 3,5 meter. Alderen er noko uviss, men fagfolk meiner han ligg mellom 800 og 1000 år ein stad.

Eika er hol, og det var plass til mange inni treet. Ulike kjelder oppgjev ulike tal slik som 12, 15 og 20 stk. Forfattar Olav Breen opplyser at ein gong på 1950-talet fekk heile 27 menneske plass inne i holromet i eika samstundes. Men folk var vel tynnare den gong.

I seinare tid har delar av stammen falle ut, og for at ikkje heile treet skulle ramla i hop, vart det slege ein kjetting rundt stammen.

Det er sagt at eika fekk sin bane då Byglandsfjorden vart regulera opp, og eit lynnedslag omkring 1990 gjorde truleg ikkje stoda betre for den gamle kjempa. Men det er ennå friskt lauv å sjå, kvar einaste vår, så ho legg nok fleire år til på alderen framover!

Landeeiki

Knut Olav Daasvatn har skrive dette fine diktet om det gamle treet:

Etter ni hundre år trur ein kvar haust
at dette kan vere den siste for Landeeiki
Og kvar mars månad teiknar vårsola
røntgenbiletet hennar mot rotesnøen;
knudret, full av svulstar
Og kvar gong er diagnosa klår;
den gamle profilen er klar til utbrot

Kjelde

Fleire kulturminne

Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven