Gamlestog 4. juli 2024. Foto: Geir Daasvatn

Gamlestog – Rygnestadtunet

Gamlestog er den eldste delen av stogehuset i det som i dag er Rygnestadtunet i Valle. Ho kan vere frå 1200-talet.

Huset høyrde til gardsbruket Nordigard Rygnestad. Det var garden til Vonde-Åsmund Rygnestad (ca. 1540–ca. 1596). Han fekk sett opp stogehus og loft ca. 1590. Stoga som no er «nyestog» (til høgre for inngangsdøra), er omtrent på same tid tilført ei stoge på andre sida (til venstre for inngangsdøra). Denne delen, som framleis er ei årestoge med gamal innreiing, har tømmer frå før Svartedauden (1349–1350). Det veit me m.a. ut frå lafteteknikken (findalslaft) som er brukt. Kanskje er ho frå 1200-talet. Begge stogene var årestoger frå først av. Då var det ein svalgang framfor dei.

Påbygd rundt 1800

Stogebygningen i Rygnestadtunet med det trehøgda loftet til høgre. «Gamlestog» er til venstre for inngangen, «nyestog» til høgre med vindaugo. Foto: Geir Daasvatn, 2022

Rundt 1800 blei stoga til høgre for inngangen bygd om til «nyestog» med peis og skorstein. Då blei det mogeleg å bygge ein etasje oppå stoverommet. Bygningen blei høgare.

For å utnytte gangen foran det nye rommet i 2. etasje, og få eit møne på taket, blei også den gamle årestoga bygd på i høgda. Nyestog blei opphaldsrommet med lettare matlaging. Gamlestog blei grovkjøkken.

Eldste kjende gamlestoga i Valle

Gamlestog på Rygnestad er den einaste kjende gamlestoga i Valle med findalslaft. Sjølv om ho seinare er bygd på i høgda, meiner ekspertane at ho innvendig ser ut om lag som i mellomaldren. Det kjennest heilt spesielt, ja beint fram litt underleg, å stige over dørstokken og ta den gamle stoga i augnesyn for første gong. Det er som å ta sjumilssteg 700 år tilbake i tid.

Open heile sommaren!

Dette eineståande kulturminnet frå mellomalderen kan du kome inn i heile sommaren. I 2024 er Rygnestadtunet ope og betjent dagleg kl. 11–17 frå 24. juni til og med 11. august.

Kjelder

  • Opplysningane er i all hovudsak henta frå informasjonsark om Rygnestadtunet, utgjeve av Setesdalsmuseet
  • Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII – Kultursoge, utgjeve av Valle kommune, 1994, s. 20–21

Les meir om Rygnestadtunet

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

Gravfeltet på Moi – Bygland
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle