Den gamle vaktbua og arresten på Evjemoen. I dag har Evje og Hornnes sogelag kontor og arkiv her. Foto: Geir Daasvatn

Evjemoen som kulturminne

Det er over 100 gamle bygningar inne på det tidlegare leiromådet. 22 av bygga er freda gjennom forskrift fastsett med utgangspunkt i Landsverneplan for Forsvaret.

Evjemoen blei etablert i 1912 som ny øvingsplass for Rogaland Infanteriregiment nr. 8 (IR8) i samband med innføring av ny hærordning i 1911. Leiren kom som erstatning for Madlamoen, der regimentet hadde møtt tidlegare. Det blei bygd store vinterisolerte soldatkaserner ut frå behovet for dette under 1. verdskrigen. Området er seinare mykje kalla «Nordre leir».

Tyskerane bygde «Søndre leir»

Evjemoen synte seg lite eigna for IR 8, som trakk seg ut etter få år. Leiren blei brukt til skular/oppplæring og repetisjonsøvingar fram til andre verdskrigen. Tyskerane inntok leiren 13. april 1940, utan å møte motstand. Då hadde dei først bomba leiren 11. april 1940, og sett fleire av dei gamle bygga i brann. Okkupasjonsmakta reetablerte leiren og bygde ut eit større område i skogen i sør – «Søndre leir». Her ligg alle dei store soldatbrakkene.

Næringspark

Evjemoen Næringspark AS eig i dag størstedelen av det tidlegare leirområdet og bygningane som står her. Selskapet er heileigd av Evje og Hornnes kommune. Nokre eigedomar er skilde ut til private eigarar (private verksemder).

Forsvarsmuseet

Historia bak leiren studerer du truleg best ved eit besøk på Evjemoen Forsvarsmuseum. Det ligg i eitt av dei freda bygga. Museet er ope og betjent i sommarsesongen.

Foto

Geir sitt fotoalbum på Flick med bilete av alle dei freda bygga

Kjelder/vidare lesing

Fleire kulturminne

Postvegen – Moen gamle bru
Postvegen – Hestevelt til Kroni
Setesdalsbanen – Homevassevja
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand
Postvegen – Reimarmoen
Postvegen – Kroni til Moen
I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva
I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Gamle setesdalsvegen – Moen
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
Gamle setesdalsvegen – Svåa