Langeidsverdet då det var utstilt på Setesdalsmuseet. Foto: Geir Daasvatn

Langeidsverdet

Langeidsverdet er eit vikingsverd funne på Langeid i Bygland sommaren 2011, under utgravingar i samband med utbygging av Riksveg 9.

Det stod i bakken ved sida av ei grav med fire stolpehol.

Funnet var så oppsiktsvekkjande at det vart halde hemmeleg heilt til det var trygt plassert i laboratoriet til Kulturhistorisk Museum i Oslo.

Sverdet har gull i skjeftet og magiske inskripsjonar. Sverdbladet er 94 cm langt.

Saka held fram under biletet

Skjeftet. Foto: Geir Daasvatn

Frå 1000-talet

Sverdet seiast å vere heilt unikt. Arkeologane har tidfesta det til 1000-talet, kanskje rundt 1025, i overgangen til mellomalder. Kor det kjem frå har ein så langt ikkje funne ut av. Men ekspertane meiner eigaren må ha vore ein mektig mann, som kunne smykke seg med eit slikt vakkert våpen.

Langeidsverdet var ferdig restaurert i 2015, og vart vist fram for publikum under utstillinga «Ta det personlig» om personlig utsmykning på Kulturhistorisk Museum denne sommaren. Det stod utstilt her til 2016, men sommaren 2017 var det utstilt på Setesdalsmuseet. Det er bestemt at det skal stillast ut ved inngangen til det nye Vikingskipsmuseet på Bygdøy.

På Kulturhistorisk Museum

Eg har sett sverdet på nært hold. Det gjorde eit mektig inntrykk. Har du tid og høve ein gong du er i Oslo, så gå og sjå dette eineståande kunstverket og kulturminnet på Kulturhistorisk Museum.

Kjelder

  • Langeidsverdet blir vist fram i Oslo, stykke i Setesdølen nr. 49, 2015
  • Trekker sverdet frem fra glemselen, artikkel på Aftenposten.no 12. juni 2015
  • Sverdet på Langeid er restaurert, stykke i Setesdølen nr. 80, 2015, s. 2
  • Artikkelen om Langeidsverdet på Setesdalswiki
  • Langeidsverdet fekk brei omtale i engelske Daily Mail, stykke i Setesdølen nr. 53, 2023, s. 3

Les mykje meir om sverdet

Du vil kanskje også lese

Mektig minne frå vikingtida! Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Heddistoga – Rysstad
Postvegen – Reimarmoen
Postvegen – Evje og Hornnes
Røysland gravfelt i Valle
Det første kraftverket på Hovden
Austad gamle kyrkjegard
Postvegen – Flateland bru
Tverrå gamle bru – Bykle
Sandbekk jernbanebru – Sandbekkbrua på Rv-9
Husmannsplassen Hagen
Ljosland kapell
Postvegen i Hornnes

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.