Gravrøysa på Kyrkjedekkan 10. desember 2022. Foto: Geir Daasvatn

Gravrøysa på Kyrkjedekkan

På Kyrkjedekkan, heilt nord på Langeid i Bygland, ligg ei drusteleg gravrøys frå jernalderen.

Gravrøysa ligg om lag 100 m frå Riksveg 9, tvers ovafor Hækni rasteplass. Ho er ei rundrøys bygd av små og store rundkamp, rundt åtte meter i diameter og ca 75 cm høg. Midtpartiet er utkasta, slik at det er eit svært hol i midten.

Olav B. Langeid opplyste under registreringa at området rundt røysa tidlegare var dyrka mark. Han meinte det fantest åkerreiner som synte dette. Det er også tradisjon for at det skal ha stått ei kyrkje på staden.

Området er i dag ganske gjengrodd. Men går du det vesle stykket over hogstfeltet på andre sida av riksvegen for rasteplassen, finn du snart den imponerande røysa inne mellom trea. Klikkar du på lenka under til Kulturminnesok.no, ser du plasseringa på kartet.

Kjelder

Meir om Setesdal

Gravrøysa er tydeleg kasta opp i midten. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven