Evjemoen med Listeinsfjellet midt i biletet, på austsida av Otra, 6. desember 2016. Foto: Geir Daasvatn

Listeinsfjellet på Evjemoen

På Listeinsfjellet var det ei norsk maskingeværstilling som skaut mot tyske fly over Evjemoen i aprildagane 1940. Under krigen hadde tyskerane ei luftvernstilling her.

Listeinsfjellet er lågt, bare 230 moh., og mest som ein liten rund ås. Fjellet ligg aust for Bjoråvegen, på andre sida av vegen for Evje Fengsel, lengst nord på den lange sletta ved Evjemoen.

Under det tyske flyangrepet på Evjemoen 11. april 1940 hadde ein tropp under kommando av løytnant E. F. Iveland ei maskingeværstilling i skråninga av Listeinsfjellet. Sigurd Skomedal var mellom soldatane her. Han har fortalt at dei hadde to maskingevær på kvar side av fjellet. Det skulle ha vore ei mykje kraftigare mitraljøsestilling; ei Colt-mitraljøse 7, 92 mm. Men ein viktig del av det våpenet låg att i Kristiansand, og mitraljøsa kunne ikkje brukast. Soldatane måtte difor klare seg med det dei hadde, som var gevær og maskingevær.

Tyske fly, 5–6 av dei, kom rett imot Listeinsfjellet, bare 50–60 meter over hovudet til soldatane. Løytnant Iveland kommanderte «Ild», og karane skaut. Flya tok ein sving oppover mot Flåt nikkelgruve, og kom tilbake og sleppte bomber mot brakkene som då var i Nordre leir.

Det skal òg ha blitt skote mot flya frå ei stilling på Steinsfjell. Dei soldatane som var der var i utgangspunktet i teneste som nøytralitetsvakter. Men dei var blitt utstyrte med skarpe skudd i geværa etter krigsutbrotet 9. april 1940. Truleg blei det i tillegg skote mot flya frå den gamle idrettsplassen i Nordre leir. Så langt eg veit, er desse hendingane 11. april 1940 dei einaste gongene det blei losna skot mot dei tyske styrkane, før heile Setesdals-avsnittet kapitulerte for tyskerane på Dølen Hotel fire dagar seinare.

Under krigen hadde tyskerane ei luftvernstilling på fjellet. Restane etter stillinga er framleis godt synlege.

Restar etter den tyske luftvernstillinga på Listeinsfjellet 20. april 2023. Foto: Geir Daasvatn

Kjelder

  • Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, 1990, s. 60
  • Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, 2016, s. 286 og 291
  • Sigurd Skomedal, Aprildagane i 1940, artikkel i Jol i Setesdal 1995, s. 32–33
  • Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, 2003, s. 137–138
  • Kommunedelplan for kulturminner 2019–2024, vedteke av Evje og Hornnes kommunestyre 28. februar 2019, s. 21
  • Tim Dåsnes, Litt om Evjemoen, artikkel i Arnstein 2001, s. 32–42
  • Erik Kjebekk, Krigen kjem til Evje, Arnstein 2018, s. 54–61
  • Artikkelen om Listeinsfjellet på Setesdalswiki

Du vil kanskje også lese

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean