Brua er ei trebru med brukar av stein over utlaupsosen av Kosvatn på Abusland i Hornnes.
Hattefossbrua var opphaveleg bygt av oppmurte brukar av stein, med trebjelkar imellom. Ho er restaurert fleire gonger.
I 2015 blei det lagt nytt toppdekke, men då med jernbjelkar som berebjelkar.
Historie
Brua skal vere bygt i 1859, er det sagt på Kulturminnesok.no. Lokalkjende Ragnhild Robstad seier i ein artikkel i Arnstein 2021 at ho er bygt rundt 1870.
Bakgrunnen for bygginga var å lette utnyttinga av vestsida av Kosvatnet for bøndene. Dei hadde skog, slåttemark med høyløer, beitemark og noko støylsdrift. Det var tungvindt og vanskeleg å krysse elva til tider, og det var vanskeleg å drive ut tømmeret når dei måtte over elva eller vatnet.
Korleis kjem du dit
Frå Riksveg 9 ved Hannåsmoen, rett nord for Moisund, tek du Abusdalsvegen vestover til Abusland. Det er rundt 12–13 km. Køyr vidare ca. 1 km forbi busetnaden i retning Abusdal. Du kjem til ei bru der det går skogsbilveg vestover til Kosvatn. Det er bomveg. Så det beste er å parkere bilen før bommen og gå den korte vegen, rundt 1 km, bort til vatnet. Kjem du syklande, er skogsbilvegen fin å sykle på. Vegen sluttar rett før du er ved vatnet, og du kan sjå brua.
Moisund–Kosvatn på Norgeskart.no