Homme og Tveitebø skulehus 7. september 2018. Foto: Geir Daasvatn

Homme og Tveitebø skulehus – Valle

Skulen låg i Neset på Hommehaugen, og var skule for borna frå Homme og Tveitebø i Valle i tida 1876 til 1952.

Frå hausten 1952 gjekk borna i Homme skulekrins på den nye sentralskulen som var bygd i Åkreneset.

Skulebygningen står framleis i Neset. Du ser han om du køyrar langs Einangsvegen, den gamle Setesdalsvegen, frå Valle sentrum nordover mot Homme.

Homme og Tveitebø på Norgeskart.no

Bak skulebygningen på biletet ser me det berømte fjellet Einang. Den runde «knatten» står liksom litt for seg sjølv ved sida av det mykje større – men kanskje mindre omtalte – Hommsfjødd. Opp til toppen av Einang går det ei kjempefin turløype, og du blir lønna med eit eventyrleg utsyn. Men litt meir om Einang lyt eg fortelle i eit eige stykke.

Rett i nærleiken

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean