Bakken på Harstad 27. desember 2018. Foto: Geir Daasvatn

Banken i Bakken, Harstad – Valle

På gardsbruket Bakken bnr. 1 på Harstad i Valle kyrkjebygd står ei fleire gamle bygningar. Banken hadde lenge kontoret sitt her.

Bruket Bakken kom til i 1648. I gards- og ættesoga for Valle er det sagt at delar av stogehuset er gamalt, truleg frå 1600-talet. Loftet (stabburet) er også gamalt, heiter det, kanskje frå tidleg på 1700-talet. På Kulturminnesok.no seiast det at det er frå 1600-talet, andre kvartal. Det står i tillegg til stogehus og loft ei gamal badstoge i tunet.

Banken

Olav Mikkelsson Harstad (f. 1863, d. 1932) var kassestyrar i Valle Sparebank frå 1904 til han døydde i 1932. Han var òg ordførar i Valle 1908–1916. Banken heldt difor til på Harstad frå 1904. Son til Olav, Mikjål, tok over arbeidet i banken etter faren. Først i 1952 flytta banken opp i leigde lokale i same bygget som handelssamlaget i Nordibø (sentrum).

Leonhard Jansen har skrive jubileumssoga til Valle Sparebank sitt 150-årsjubileum i 2016. I boka er det mange fornøyelege historiar om korleis bankdrifta kunne føregå hos Olav og seinare Mikjål på første halvdel av 1900-talet!

Det blei sett opp nytt bustadhus på bruket i 1973. Det er ikkje lenger nokon som bur i det gamle «bankbygget».

Du ser husa i Bakken om du svingar av frå Riksveg 9 heilt sør på Harstad, og følger Harstadvegen – den gamle hovudvegen – gjennom Harstad. Dei ligg rett ved vegen, på oversida, straks før du kjem til idrettsbanen.

Kjelder

  • Stykket om Bakken, bnr. 1, Harstad i Valle gards- og ættesoge, bind IV, s. 24–36
  • Leonhard Jansen, Valle Sparebank 150 år, jubileumsbok, 2016
  • Harald Haugland sin blogg

Rett i nærleiken

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean