Gruva 26. juli 2018. Foto: Geir Daasvatn

Haugefjellet feltspatgruve – Evje

Haugefjellet er sagt å vere den eldste feltspatgruva i Evje.

Den nedlagte gruva er på garden Haugen sin grunn. Ho ligg aust for Dansarberga og sør-vest for Mykleåsen, ikkje så langt unna dei andre feltspatgruvene i området.

Gruva kom i drift før år 1900, og kan altså vere den eldste feltspatgruva i Evje. I alt er det rundt 80 feltspatbrot i Evje.

Korleis finn du gruva

Du kan starte turen frå der turløypa Allmannavegen tek til i Haugen. Følg Almannavegen til du kjem til kryss med Gruvearbeidarvegen. Følg den stien vidare rundt 300–400 meter. Då ligg Haugefjellet opp til høgre for deg.

Du kan i staden starte turen frå Gamlegruva ved Flåt nikkelgruve. Du følger Gruvearbeidarvegen (Gruvevegen på kartet) fram til Landsverkplassen. Derfrå er det om lag 300 meter til fjellet.

Haugefjellet på Norgeskart.no

Kjelder

Du vil kanskje også sjå

Gruva 26. juli 2018. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Dalemannsteinen – Fennefoss
Stampen i Homsåne
Drenkadøl – Rygnestad
Trydalstoga – Kristiansand museum
Kjetsåbrua – Hornnes
Espelidburet – Åseral
Postvegen – Valle
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Nesodden gravrøys
Postvegen – Kroni til Moen
Rygnestad og Flateland kulturlandskap – av nasjonal interesse!
Futevegen – Klevelandskleiva

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.