Spor etter den gamle setesdalsvegen i Gylii 5. september 2024. Foto: Geir Daasvatn

Gamle setesdalsvegen – Gylii

I Gylii i Valle, rett før me kjem til Bjørnarå i Bykle på veg nordover på Riksveg 9, er det svære murar og andre spor etter den gamle setesdalsvegen. Me ser dei bare ikkje frå bilen.

I Leonhard Jansen m.fl. si eminente bok Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 er den gamle vegen i Gylii skildra (s. 161):

Gylii var eitt av dei verkeleg krunglute vegstykka mellom Valle og Bykle, og utbetringa der tidleg på 2000-talet gjorde turen til ei langt hyggelegare oppleving.

Reidar Tveito, som kjenner Riksveg 9 betre enn dei fleste, seier at den gamle vegen i Gylii var sett på som eit av dei verste strekka (Riksveg 9. Bruer og særtrekk langs vegen, 2014, s. 190).

Etter den nemnde utbetringa går i grunnen bakken opp Gylii meir eller mindre rett fram. Iallfall i den nedste delen. Heilt nedst, etter at me har passert Bakken, ligg det att ein godt synleg sving av gamlevegen. Det er på venstre hand, ned mot Otra. Vidare oppover er nyare vegar lagt meir eller mindre oppå den gamle, og spora synest å ha blitt borte.

Stykket held fram under biletet

Svær, høg og fint murt steinmur sett nedanfrå. Foto.
Det var svære murar som måtte til for å lage høveleg veg i den bratte skråningen ned mot Otra. Foto: Geir Daasvatn

Men ikkje heilt borte!

Me set bilen ifrå oss på den gamle vegsløyfa nedst og spaserer oppover bakken, på utsida av fenderen. Då oppdagar me snart murane etter den gamle setesdalsvegen. Kanskje er det fleire generasjonar murar? Eg vil til dømes tru at dei støypte sementfenderane på toppen som me ser på biletet øvst i stykket er av nyare dato enn murane under. Om me tek oss bryet med å klatre ned på undersida av murane – ver i tilfelle forsiktig! – får me eit endå betre inntrykk av det svære arbeidet som er gjort.

Til 2002/2003

Her ser me ganske tydeleg at det gamle vegen låg litt lenger ut mot Otra enn 2002/2003-vegen. Foto: Geir Daasvatn

Det er ikke alltid så lett å tidfeste spora etter dei gamle vegane. Men me kan samanlikne med utbetringar rett sør og nord for Gylii. Den nemnde svingen heilt sør i Gylii blei bygd i 1930, er det opplysningar om på Kulturminnesok.no. Det same skjedde ved Bjørnarå i nord, altså ny veg i 1930. Då er det nok mykje truleg at vegen mellom desse to stadene også var ein del av arbeidet.

Det «kronglute» vegstykket i Gylii blei utbetra i 2002–2003. Med det var endeleg ein av dei verste flaskehalsane på Riksveg 9 borte.

Gylii på Norgeskart.no

Sjå også

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Hallbakken på Mosby
Postvegen – Hestevelt til Kroni
Landeeika – eitt av Norges eldste tre!
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Futevegen – Kjørkemoen til Tveit i Hovlandsdalen
Postvegen – Heddessteinen
Kallefossbrua – Valle
Frutti Frøyrak si grav
Postvegen – Bjørnaråkleiva
Knutsbakk – Bygland
Mølletrappa ved Fennefossen
Hamregruva – Bygland

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.