Garasjen for panservernkanonen på Bjones 7. mai 2024. Me ser i retning nordover mot Kyrkjebygdi. Foto: Geir Daasvatn

Kanonstillinga på Bjones i Bykle

Bjones, rett nord for Byklestigen, ligg det att garasje og standplass for ein tysk panservernkanon under andre verdskrigen.

Anlegget på Bjones var ein liten del av ei større sperrestilling i området rundt Byklestigen. Det var anlegg på begge sider av Bykil. Eg vil skrive meir om dei anlegga seinare om det høver seg slik.

Byklestigen var ut frå geografien på staden eit naturleg sperrepunkt. Terrenget gjorde omflankering av staden vanskeleg. Stillinga var rekna som eit særs sterkt sperreanlegg. Hovuddelen av stillinga var vendt mot sør. Tanken var å stanse ein fiende på veg mot Oslo frå kysten av Sørlandet.

Anlegget på Bjones

Stillinga på Bjones ligg rett på nedsida av den gamle setesdalsvegen rundt Svåa, nær den nordre utgangen av tunnelen. Panservernkanonen her var av typen PAK 36. Det var «flatbaneskyts» med høg utgangshastigheit til bruk mot lettare pansra køyretøy og lastebilar. Kanonen hadde skotfelt mot både nord og sør, og markerte det nordlegaste punktet for anlegga ved Byklestigen.

Stykket held fram under biletet

Nærbilde av garasjen til kanonen.
Garasjen til kanonen 7. mai 2024. Det var to treportar for å verne kanonen, men dei blei fjerna etter krigen. Foto: Geir Daasvatn

Garasjen til kanonen er bygd i armert betong med bølgeblekkplater. Det er tilnærma identiske garasjar to andre stader ved Byklestigen. I tillegg er det standplass for kanonen i armert betong og oppmura stein.

Alle opplysningane her er henta frå den framifrå rapporten Tormod Christiansen har skrive om tyske festningverk i Bykle. Standplassen og betonggarasjen er anlegg nr. 22 og 23 i rapporten hans.

Sjå kart over området

Kjelder

  • Tormod Christiansen i samarbeid med Bykle kommune, Kartlegging av tyske festningsverk i Bykle kommune, rapport dagsett 30. november 2017
  • Knut Gjerden, Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Okkupasjonstida Valle og Bykle 1940–45, utgjeve av Valle kommune, 1995, s. 99–101
  • Kulturminneplan 2016–2019, Bykle kommune

Du vil kanskje også lese

Standplassen for kanonen på Bjones nær Byklestigen.
Standplassen for kanonen 7. mai 2024. Han er utforma for å gje kanonen ein stor skuddsektor. T.v. utanfor biletkanten ligg den gamle setesdalsvegen rundt Svåa, som kanonen då hadde skotfelt mot. Det same gjeld i retning nordover (t.h.) der me i dag kjem ut av tunnelen på Riksveg 9 på veg oppover dalen. Vestover, rett fram, ser me mot Nordbygdi. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør
Flatelandsmoen – Gjøvdal