Maskingeværstilling på Sanden. Anlegg nr. 29 i rapporten. Foto: Geir Daasvatn

Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida

Ved Byklestigen, på begge sider av Bykil, bygde tyskerane opp eit sterkt sperreanlegg under andre verdskrigen.

Byklestigen var ut frå geografien på staden eit naturleg sperrepunkt. Terrenget gjorde omflankering av staden vanskeleg. Stillinga var rekna som eit særs sterkt sperreanlegg. Hovuddelen av stillinga var vendt mot sør. Tanken var å stanse ein fiende på veg mot Oslo frå kysten av Sørlandet.

Den største konsentrasjonen av anlegg låg på vestsida av Bykil. Det lyt eg kome tilbake til. Eg må først kome meg dit! Omtalen her gjeld anlegget på austsida. Nær på alle opplysningane er henta frå den framifrå rapporten Tormod Christiansen har skrive om tyske festningsverk i Bykle, i samarbeid med Bykle kommune.

Her på austsida låg dei fleste anlegga konsentrerte rundt garden Sanden, mellom dei to tunnelane som er på Riksveg 9 idag. Det er der det er ein liten parkeringsplass og startpunkt for turløypa i Byklestigen nordfrå. Under krigen var tunnelane ikkje bygde, og trafikken gjekk på den gamle setesdalsvegen på utsida av fjellet, ut mot Bykil. Nord ved Bjones hadde tyskerane ei stilling for panservernkanon med skuddfelt mot både nord og sør. Eg har skrive litt om kanonen på Bjones i ei anna sak.

Anlegget ved Sanden

Del av sperreanlegg: Garasje for panservernkanon (anlegg nr. 31 i rapporten).
Garasje for panservernkanon (anlegg nr. 31 i rapporten). Foto: Geir Daasvatn

To bunkerar eller fjellanlegg på Svåa og Bjones blei sprengde bort under bygginga av dei nye tunnelane på Riksveg 9 midt på 1980-talet.

Det var eit mindre fjellanlegg i Svåa, ein 10-12 m lang tunnel. Tormod Christiansen stiller spørsmålsteikn ved om dette anlegget blei ferdigstilt. Tunnelen er anlegg nr. 24 i rapporten hans.

Anlegg nr. 25 var ei utsprengt løpegrav forsterka med sprengmasser. Anlegg nr. 26 var ei maskingeværstilling i forsterka betong. Anlegg nr. 27 var ei større utgraving for anten feltmessig bunker eller tomt for mannskapsbunker i betong.

Anlegg nr. 28 var ein mannskapsbunker med delvis overbygd løpegrav. Etter krigen er det bygd ei hytte over det anlegget.

Anlegg nr. 29 var ei maskingeværstilling i armert betong med løpegrav som førte ned til ein standplass for panservernkanon. Anlegg nr. 30 var standplass for kanonen i oppmurt stein. Anlegg nr. 31 var garasje for kanonen i armert betong og bølgeblikkseksjonar, lik kanongarasjen på Bjones.

Ta ein nærare kikk på desse svært interessante krigsminna neste gong du er på tur i Byklestigen! Du kan sjå dei fleste frå turløypa.

Kjelder

  • Kartlegging av tyske forsvarsverk i Bykle kommune, rapport utarbeidd av Tormod Christiansen i samarbeid med Bykle kommune, 2017, revidert utgåve 30. mai 2018
  • Knut Gjerden, Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Okkupasjonstida Valle og Bykle 1940–45, utgjeve av Valle kommune, 1995, s. 99–101
  • Kulturminneplan 2016–2019, Bykle kommune

Du vil kanskje også lese

Tunnelen ved Svåa (anlegg nr. 24 i rapporten) var ein del av sperreanlegget. Foto: Geir Daasvatn
Del av sperreanlegg: Tunnelen ved Svåa (anlegg nr. 24 i rapporten). Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean