Den svære flotingsmuren ved Tveitbakk 21. november 2023. Foto: Geir Daasvatn

Tveitbakk – flotingsmur

Langs Otra, på austsida ved Tveitbakk på Hovet nord i Hylestad i Valle, ligg ein svær flotingsmur og minnar om den 400 år lange flotingshistoria på elva.

Tømmerflotinga på Otra blei driven frå sist på 1500-talet til kring 1980. Floting var den gamle måten å frakte tømmer på. Gjennom hundrevis av år bar elva tømmerstokkane på sin veg frå Bykle til Kristiansand. Men frå rundt 1930, og spesielt etter 2. verdskrigen, kom lastebilane og tok gradvis over transporten.

Eg skal ikkje gå nærmare inn på denne svære verksemda her. Ho er grundig fortald mellom anna i Andreas Vevstad si bok Fosskarane og Åna, som Fellesfløtningen i Otra gav ut i 1999. I kulturminneplanen for Valle kommune 2020–2032 s. 26 er det sagt litt om tømmerflotinga i Valle spesielt. Eg vil heller tid om anna vise nokre bilete av anlegga som står att etter flotinga. Eg samlar dei under stikkordet «Floting». Så er dei lette å finne att her på Setesdalssida.no for den som måtte interessere seg for slikt.

Langs heile Otravassdraget ligg det altså framleis att svære steinmurar eller tømmerskjermar til minne om flotinga. Dei var meint å lette flotinga, ved å styre tømmerstokkane slik at dei ikkje la seg inn på land i viker og kilar. Fleire av desse murane – mellom dei ein av dei aller lengste etter det eg kan skjøne – ligg ved breidda av Otra ved Tveitbakk, på garden Hovet sin grunn, nord i Hylestad. Det er om lag tvers over elva for hovudkvarteret til Otra Kraft, og litt sør for den popukære badeplassen Marhyl. Nøyaktig når murane er bygde veit eg ikkje. Men i Vevstad si bok er det nemnd tre stemmar for Nomelandsøyra, bygde 1901, 1903 og 1905. Eg skulle tru det må vere dei same som eg har sett frå andre sida av elva?

Kart over området

Sjå også

Fleire kulturminne

Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør