Oppmura del av den gamle Postvegen rett ved austsida av Vrongevje. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Vrongevje

Ved Vrongevje, på grensa mellom Moi og Tveit i Bygland, er det framleis tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal.

Forbi Moi gjekk Postvegen heile tida på nedsida (nærare Otra) av der Riksveg 9 ligg i dag. Då vegen nærma seg Vrongevje, svinga han seg opp mot dagens veg for å kome forbi denne evja i elva. I dette området ligg det framleis att nokre ganske store steinmurar og brukar der vegen måtte passere over eit søkk i terrenget og ein liten bekk.

I 1919 blei Postvegen flytta nærare husa på Moi. Då oppstod den uendeleg lange Moisletta som blei eit landemerke for alle dei som ferdast etter dalen, heiter det i den framifrå boka om Postvegen og Riksveg 9 som kom ut i 2018. Den nye vegen traff igjen Postvegen omtrent ved Vrongevje. Den gamle traseen mellom Moi og Vrongevje kom ut av bruk som hovudveg.

Stykket held fram under biletet

Etter Vrongevje heldt Postvegen fram mot busetnaden på Tveit. Til venstre ser me Riksveg 9. I dag er Postvegen gardsvegen på Tveit. Foto: Geir Daasvatn

Kart over området

Kjelder

  • Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 120–121 og kart nr. 16 bak i boka

Du vil kanskje også sjå

Fleire kulturminne

Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven