Åknes kapell 2022. Foto: Geir Daasvatn

Åknes kapell

Åknes kapell er ei langkyrkje på Åknes ved idylliske Lognavatn i Åseral med 150 plassar og galleri. Ho er bygd i 1873.

Byggherrane var Tobias Flottorp og Gard Ekså, som og laga døypefonten.

Kyrkjeklokka kom frå Oslo og vart køyrd med hest til Dåsvatn og sidan boren på ryggen av Torgeir Helleren til Lognavatn. Altertavla er akantusranker og treskurd av Lars Svenson Juvasstøl. Ho høyrer med til noko av det vakraste i norsk bygdekunst. Orgelet er bygd av Gebrüder Reil i 1988.

Kyrkja fekk eit påbygg i 1968.

Åknes på Norgeskart

Historie

Eit kapell i Åknes er omtala i ei kjelde frå 1327. Truleg er dette den stolpekyrkja som stod på Kyrkjevodden i Åknes, litt nord for dagens kapell, og som blei påvist arkeologisk i 2000. Det kapellet er datert til kring 1200 eller noko tidlegare.

Kjelder

Rett i nærleiken

Les også

Fleire kulturminne

Sørstemmen – Jordalsvatn
Systog Dale-loftet
I fotspora til setesdølane – Grimsbrua i Kristiansand
Rygnestad og Flateland kulturlandskap – av nasjonal interesse!
Longerak brygge
Vakre Hornnes kyrkje frå 1828
Dalevegen – Kveste til Tveiten
Heddisloptet
Kjetsåbrua – Hornnes
Bykle gamle kyrkje – unikt kulturminne i Setesdal
Futevegen – Kjørkemoen til Tveit i Hovlandsdalen
Likkvila attmed Ratøygard – Bygland

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.