Stikkrenne på den gamle setesdalsvegen sør for Syrtveit 8. april 2024. Foto: Geir Daasvatn

Riksveg 400 – Syrtveit sør

Sør for TrollAktiv, på austsida av Riksveg 9, ligg ei sløyfe av den gamle hovudvegen mellom Evje og Byglandsfjord att i skogen.

Den første køyrevegen (for hest og vogn/kjerre) gjennom Setesdal, Postvegen, gjekk frå Fennefoss i Hornnes oppover langs vestsida av Otra til Gullsmedmoen. Gullsmedmoen var gamal ferjeplass for å kome over på austsida, til Salbergmoen. Det heitte det her før Byglandsfjord kom i bruk som stadnamn etter at Setesdalsbanen var opna.

Tettstaden Evje blei til

Den svære verksemda Evje Nikkelverk starta opp i 1873. I 1877 kom det bru over Otra mellom Birkeland i Hornnes og Evje. Tettstaden Evje byrja å vekse fram. Det var då ikkje lenger naturleg å ha hovudvegen vidare oppover i dalen på vestsida av elva. Det kom difor fort opp forslag om å bygge ny hovudveg på austsida av Otra. Han skulle gå frå Birkelandsbrua om Evje prestegard og Syrtveit til Vassend, skriv Leonhard Jansen i Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, s. 63. Arbeidet med vegen tok til tidleg på 1880-talet. I 1887 var han køyrande. Han blei avlevert i 1889.

Stykket held fram under biletet

Den gamle setesdalsvegen på Syrtveit, med Riksveg 9 i bakgrunnen, 8. april 2024. Foto: Geir Daasvatn

Etter at Setesdalsbanen var lagt ned i 1962, fekk bygdene oppover langs banen ein «kompensasjonsveg» til erstatning for jernbanen. Denne nye vegen, dagens Riksveg 9, kom forbi Evje i 1966 og fram til Byglandsfjord i 1968. Der susar me avgarde i dag, sikkert som oftast utan ein tanke om at rett ved sida ligg eit fint kulturminne – den første køyrevegen mellom Evje og Byglandsfjord.

Korleis finn du vegen

Rett sør for TrollAktiv, litt til side for riksvegen, ligg ein noko attgrodd ridebane for hestar. Litt sør for der igjen, inne i småskogen, kan du sjå ein gamal veg på same (austre) sida av riksvegen. Det er ei sløyfe på nokre hundre meter av vegen frå 1889, riksveg 400 som han heitte mot slutten, som var i bruk heilt til 1968. Sløyfa er merka av med raud stipla linje på kartet.

Kart over området

Du vil kanskje også lese

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean