Gamlevegen ved Sveigefoss, med Riksveg 9 i bakgrunnen, 20. juni 2024. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Sveigefoss

Ved Sveigefoss, rett nord for den nye Byklebrua, ligg ei sløyfe av gamlevegen att i terrenget mellom Riksveg 9 og Otra.

Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. Men viljen til å kome vidare nordover med vegen var laber. «Iallfall når det skulle løyvast over kommunebudsjettet», skriv Leonhard Jansen i praktverket Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 (s. 164).

Men i 1865 blei det endeleg vedteke å be amtet (fylket) godkjenne opparbeiding av køyreveg opp til Bykle. Arbeidet kom i gang, og i 1879 var vegen framme ved Bykle kyrkje.

Bygd 1879 eller rett før

Delar av vegen ligg på ei stor steinfylling. Foto.
Delar av vegen ligg på ei stor steinfylling. Foto: Geir Daasvatn

Vegstykket her må vere bygd i 1879 eller rett før. Det var då arbeidet med å legge om vegen forbi Byklestigen og bygge han vidare opp til Bykle kyrkje gjekk føre seg. 26. august 1879 var det stor festivitas i Bykle, då den ferdige vegen blei avlevert til amtmann N. C. Bonnevie av kaptein P. R. Krag.

Vegen kom oppover mot Sveigefoss, eller Byklesvingen som staden er kalla på Kulturminnesok.no, etter å ha passert over den gamle Byklebrua. Han gjekk opp der me i dag køyrer på ein grusveg nedover til Bykilsmoen. Rett nord for der den nye Byklebrua nå ligg svinga han ut til høgre mot Otra. Det er bygd ein terskel tvers over elva her, så staden er veldig lett å finne. Han runda ein liten kolle, før han svinga tilbake mot vest og rundt den lange Byklesvingen. Det heiter Øyreviki her, etter det eg skjøner. Det er eit vegstykke for seg som eg kjem tilbake til i eit anna innlegg.

Svingen ut mot elva var i bruk heilt til den nye brua kom i 1960. Det er mest ikke til å tru, om me tek ein tur på gamlevegen og ser kor attgrodd han alt er blitt. Snart er han nok gøymt bak historiens slør!

Kjelder

Øyreviki/Sveigefoss på Norgeskart.no (gamlevegen har raud, stipla line)

Fleire stykke om Postvegen/gamle setesdalsvegen i Bykle

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane: Helveteskleiva ved Langevatn
Frøyrak gamle brygge
Postvegen – Skorpetveit
Sandnes kyrkje – Åraksbø
Byvegen i Åseral – Krokstean
Valle kyrkje
Sandbekk jernbanebru – Sandbekkbrua på Rv-9
Postvegen – Moen gamle bru
Postvegen – Valle
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Syrtveitsfossen – flotingsmurar
I fotspora til setesdølane – Knutskleiva ved Homstean