Del av røyrgata 8. mai 2025. Foto: Geir Daasvatn

Langerak kraftverk – røyrgata

Langerak kraftverk får vatnet sitt gjennom ei røyrgate som er 1200 meter lang frå inntaksdammen i Longeraksåna bratt ned dalsida til stasjonen.

Kraftverket på Longerak er berømt, og eit verdfullt kulturminne. Røyrgata som fører vatnet ned til vassturbinen er mindre påakta. Men ho er eit imponerande kunstverk i seg sjølv. Heldigvis har Kathe Merete Kjetså skrive ein del om røyrgata i heftet sitt om Longerak kraftstasjon. Noko av historia er det difor mogeleg å lese der, saman med fantastisk fine bilete.

Å bygge inntaksdam og røyrgate til kraftstasjonen var eit svært arbeid på den tida. Arbeidet skjedde i 1914–1915. Kathe skriv at røyra kom til Kristiansand med båt. Så vart dei frakta opp til Byglandsfjord med Setesdalsbanen. Vidare nordover frå Byglandsfjord var det transport med hest og kjerre langs vegen, eller over isen om det var mogeleg.

I den bratte dalsida opp frå stasjonen til inntaksdammen blei det frikjøpt ein seks meter brei trasé til røyrgata. Då kunne utbyggjaren lage ein trallebane parallelt med røyrgata. Trallebanen hadde wire og motorhus, slik at dei kunne frakte ting og utstyr eit langt stykke opp i det bratte terrenget.

Røyrgata og restane etter trallebanen er godt synlege den dag i dag. Kraftverket er i full drift, no i regi av Å Energi, og då må sjølvsagt også røyrgata haldast i god stand. Ho er i store trekk intakt slik ho blei bygd. Eit unnatak er dei nedste 200 meterane fram til stasjonen, der dei gamle røyra er bytta ut med nye.

Stykket held fram under biletet

Røyrgata med restar av trallebanen 8. mai 2025. Foto: Geir Daasvatn

Ta deg ein tur!

Det er mest litt vanskeleg å forstå korleis dei kunne lage slike byggverk på den tida, når me tenker på kor lite utstyr dei hadde å hjelpe seg med samanlikna med dagens anleggsbyggjarar. I heftet til Kathe heiter det at arbeidarane fekk 2,50 kroner for å bere 50 kilo tunge sementsekkar oppover lia. Det var bratt og tungt terreng, så dei fleste klarte berre ei bør om dagen er det sagt.

Det er ganske greitt å gå oppover langs røyrgata, sjølv om det tidevis er veldig bratt. Så kan du jo berre tenke deg korleis det må ha vore med 50 kilo sement å dra på i tillegg. Om du tek deg god tid og er forsiktig, er dette verkeleg ei «oppdagingsferd» utanom det vanlege.

Frå inntaksdammen ved toppen av røyrgata kan du som eit alternativ følge god skogsbilveg ned til Longerak igjen.

Det er heftige dimensjonar over anlegget! Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Ekra gravfelt – Eikjåknodden
I fotspora til setesdølane – Lintjønnkleiva i Øvrebø
Gamlestog – Rygnestadtunet
Postvegen Kristiansand–Bykle
Birkelandsfossen – flotingsmur
Postvegen – Ose nord
Minne kultursenter – Åseral
Vakre Hornnes kyrkje frå 1828
I fotspora til setesdølane – Reiersdalskleiva i Øvrebø
Frutti Frøyrak si grav
Gamle setesdalsvegen – Hornskilneset
Høybua på Skarsmo

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.