Minnesmerket ved Korpenuten. Foto: Ole Asbjørn Bergstøl

Krigsminnesmerket ved Korpenuten

Under Korpenuten mellom Berdalen og Geiskeli i Bykle er det reist eit minnesmerke med minnetavle om flysleppa i området i april 1942.

Bykle kommune reiste minnesmerket i 2016.

Opplysningane i stykket her er i all hovudsak henta frå artikkelen «Okkupasjonsmotstand som kulturminne», skrive av Ole Asbjørn Bergstøl, i Setesdal og setesdølar 2024, utgjeve av Setesdal sogelag, s. 81–102. Opplysningane er attgjevne, og dels skrive av, med løyve frå forfattaren. I artikkelen er kjeldene for Bergstøl sine opplysningar oppførte.

Milorg i Øvre Setesdal

Setesdalsavsnittet i Milorg (den militære motstandsorganisasjonen i Noreg) gjekk frå Bykle til Kristiansand. Avsnittssjef var Rolf Ellingsen. Avsnittet var delt inn i grupper. Gruppe 1 gjekk frå Bygland til Bykle. Nere Aakhus frå Bygland var gruppesjef. Gruppa var inndelt i troppar som igjen var delt inn i mindre lag. Lagførar for Bykle-laget var Sjur S. Vatnedalen. Lagførar for Geiskeli-laget var Salmund Gjeiskelid. På Bjåen var Sjur Bjåen lagførar. Desse mindre laga organiserte mottak av flyslepp med våpen og utstyr. Forsyningane kom i konteinarar og utstyret skulle brukast i tilfelle alliert invasjon og tysk motstand.

Å delta i motstandsarbeidet var svært farleg arbeid. I mange tilfelle fekk det triste konsekvensar med arrestasjonar, tortur, fengsling, opphald i konsentrasjonsleirar og dødsfall.

Flysleppa i april 1942

Det kom to slepp av våpen og utstyr til heimefronten i Bykle frå engelske fly 28.–29. april 1942.

Flyslepp 1 – 28.-29. april

To fly skulle droppe 12 konteinarar med våpen og utstyr til motstandsgruppa Cheese ved Auversvatn. Men det kom ikkje tidleg nok varsel om sleppet og noko gjekk gale. Det blei tilfeldig oppdaga fallskjermar som hang synleg i trea ved vegen frå Geiskeli og heilt til Berdalsbru.

Det blei sett i gang ein leiteaksjon. Etter tre veker med leiting var alle konteinarane funne i eit fleire kilometer stort område frå Geiskeli og Berdalen til aust for Gjuvvatna. Leitegjengen var Kjetil Glidbjørg, Salmund Gjeiskelid, Sigbjørn Gjeiskelid, Olav Gjeiskelid, Hallvard Gjeiskelid, Sjur O. Vatnedalen, Knut Bjåen, Sjur Bjåen og Jon Bjåen. Utstyret lagra dei i ei tørr hòle eller heller. Leiteaksjonen inkluderte også funnet av eit flyslepp nr. 2 (sjå neste avsnitt) som kom samstundes utan at det var observert.

Flyslepp 2 – 28.-29. april

Dette var òg 12 konteinarar med utstyr til Cheese. Sleppet blei ikkje varsla før om lag 14 dagar etter at det hadde funne stad. I konteinarane skulle det vere 96–100 Stengun og 24 Lugerar og diverse anna utstyr. Ein del av utstyret blei frakta nedover dalen til Høie Fabrikker på Mosby. Noko blei også henta av Jon Haugeland frå Byglandsfjord. Han drog til Rysstad for å instruere laga der.

Stykket held fram under biletet

Nærfoto av minnesmerket.
Minnesmerket ved Korpenuten. Foto: Ole Asbjørn Bergstøl

Minnesmerket

Under Korpenuten, mellom Berdalen og Geiskelid, har Bykle kommune altså reist eit minnesmerke med minnetavle om desse dramatiske hendingane i slutten av april 1942. Det blei restaurert og montert ein «Stor C»-konteinar på ein stor stein nær funn- og sleppstaden.

På Minnetavla står denne teksten:

Flyslepp til Heimefronten
I dette området tok heimefronten i Bykle mot slepp frå engelske fly i april 1942. Forsyningane kom i kontainarar fylte med våpen og utstyr som skulle brukast i kampen mot okkupasjonsmakta. Noko utstyr var framleis lagra i området få freden kom og blei frakta ned i maidagane 1945. Monumentet er reist av Bykle kommune 2016.

Bergstøl skriv i sluttordet til artikkelen sin (utdrag):

[—] Å ha høve til å ta på og sjå på historia gjennom gjenstandar gjev større forståing og innleving, og gjennom å halde minnet levande gjev me ein takk til dei som kjempa for fridomen vår og demokratiet vårt.

Kart som viser kor minnesmerket ved Kopenuten står.
Den raude pila syner plasseringa til minnesmerket. Kart/illustrasjon: Ole Asbjørn Bergstøl

Les også

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Eljannskleivan på Hægeland
Postvegen – Storstraumen
Sanden Såre – flotingsmur
Bykle gamle bru
Tveitbakk – flotingsmur
Dammen i Nordåna – Grendi
Postvegen – Heddessteinen
Postvegen i Hornnes
Fennefossen – flotingsmurar
Postvegen – Bakken
Deknehola ved Storstraumen
Fallossteinane på Bygland kyrkjegard

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.