Vegen opp mot toppen frå sør 8. mai 2026. Framleis står nokre av dei svære stabbesteinane mot ytterkanten att. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen i Toptenesbakken

Postvegen var det setesdølane kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal. Over Toptenes like sør for Frøysnes blei vegen bygd rundt 1842.

Alt i 1833 la vegmeister Georg Daniel Barth Johnsen fram den fyrste planen om veg oppover i Setesdal. I 1839 løyvde Stortinget pengar til vegen. «Arbeidet gjekk etter måten fort», skriv historikaren Leonhard Jansen i ein artikkel om Postvegen i Agderposten 29. mars 2019. I 1844 var vegen gangbar til Valle kyrkje. Men han blei formelt avlevert fyrst i 1847.

Rette liner

Eit prinsipp for vegbygginga frå siste halvdel av 1700-talet og utover på fyrste halvdel av 1800-talet var at vegane så langt mogeleg skulle gå i rette liner. Det førte til mange, lange og bratte kleiver. Om me følger gamlevegen frå Kristiansand og nordover gjennom Setesdal er det mange talande eksempel på slik vegbygging, til dømes den berykta Skottedalskleiva mellom Mosby og Homstean.

Toptenes

Vegen over Toptenes er eit godt døme. Knausen endar bratt ned mot fjorden. Vegen blei då lagt mest snorbeint i ein temmeleg bratt bakke opp til toppen og tilsvarande ned igjen på nordsida like før Frøysnes. I dag ligg han ut mot kanten av den bratte skjeringa som frå 1978 fører Riksveg 9 gjennom Toptenes.

Kart over området

Stykket held fram under biletet

Den gamle Postvegen over Toptenes med Riksveg 9 nedanfor. I bakgrunnen, på andre sida av fjorden, skimtar me Åraksbø. Foto: Geir Daasvatn

Litt over toppen ser det ut til å ha vore eit steinras ein gong i tida som har teke med seg eit lite stykke av vegen. Men frå både sørsida og nordsida kan du gå oppover langs vegen og studere den etter dåtida sine mål imponerande byggekunsten.

I bruk til 1920-talet

Akkurat som Fånekleiva var den bratte Toptenesbakken vanskeleg å greie for bilane som etter kvart dukka opp på vegane. På 1920-talet blei vegen difor lagt rundt Toptenes. Utviklinga i vegbygginga her er altså over (ca. 1842), rundt (1920-talet) og gjennom (1978). Eg har skrive litt meir om dette i eit anna stykke om vegane forbi Toptenes.

Kjelder

  • Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018
  • Leonhard Jansen, Frå postveg til rideveg, artikkel fyrst publisert i Agderposten 29. mars 2019

Oppmura vegbane på nordsida av Toptenes, like før gamlevegen går saman med Riksveg 9, 8. mai 2026. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Høybua på Skarsmo
Dalevegen – Hågås på Bjørnarå
Deknehola ved Storstraumen
Postvegen – Evje og Hornnes
Telefonlinja Hovden–Bjåen
Kleveknuten bygdeborg – Hornnes
Postvegen – Nesetsvingen sør
Bjoneskleivi – Bykle
Gjerden – Bykle
Gamle vegmurar – Nesetsvingen nord
Husmannsplassen Hagen
Nørstevoddburet – Bygland

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.