Gamle vegmurar i Nesvika 4. oktober 2024. Heilt bak til høgre ser me dei gamle Postvegmurane som ligg att FØR me kjem til Nesetsvingen sørfrå. Dei har eg skrive eit par ord om i eit anna innlegg. Foto: Geir Daasvatn

Gamle vegmurar – Nesetsvingen nord

Rett etter den krappe svingen på Riksveg 9 før Neset Camping, når me kjem sørfrå, står det framleis att svære murar etter eldre utgåver av Setesdalsvegen.

Her er restar av stablemurar som synest å vere etter Postvegen, den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Han kom forbi Neset først på 1840-talet. Her er også andre murar som tydeleg er bygde seinare. I området er det nå, i november 2024, sett i gang eit svært arbeid med å rette ut den krappe svingen inst i vika. Eg ser for meg at dei gamle vegmurane då kanskje forsvinn under den nye vegen.

Ut mot fjorden

I Nesvika var det fjell som stengde for å legge vegen rett fram. Dynamitten var endå ikke i bruk. Dei tidlege vegbyggarane laga difor ikkje svære fjellskjeringar som me gjer i dag. Vegen blei i staden bygd rundt fjellet, heilt ut mot fjorden.

Rett før me kjem til Neset Camping sørfrå låg vegen såleis på ei oppmuring heilt ut mot vatnet. Der kan me som nemnt framleis sjå nokre store murar som står omtrent i vasskanten når fjorden er full. Ved låg vasstand er det mogeleg å klatre ned på nedsida av vegen, og få eit brukbart innblikk i korleis vegbygginga gjekk føre seg i «gamle dagar».

Postvegmurar ved Neset? Foto: Geir Daasvatn

Då ser me først nokre litt meir «moderne» murar, dels støypte i sement, som må vere frå seinare utbetringar eller forsterkingar av Postvegen. Det fantest ikkje sement då Postvegen blei bygd først på 1840-talet. Biletet øvst i stykket syner litt av dei murane. Men om me kikkar oss godt rundt, ser me også grovare murrestar (biletet til venstre) som etter alt å døme er etter den eldste kjerrevegen. Eg trur iallfall det!

Vegutbetring ved Neset i fleire omgangar

Den eminente lokalhistorikaren Reidar Tveito på Byglandsfjord har skrive ein del om kjerrevegen og seinare utbetringar av vegen mellom Byglandsfjord og Neset i fleire av dei fine hefta sine. I Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord (s. 46) forklarar han at Vegvesenet fekk krav om utbetring av den gamle kjerrevegen då Landeskogen tuberkulosesanatorium kom i Grendi rundt 1916. Vegen her var ikkje god nok for biltrafikken som følgde med. Fleire svingar på strekninga blei difor retta ut i den såkalla «sanatorieomlegginga» i 1921. Kanskje me då kan tenke at dei eldste murane er frå ca. 1841 og dei nyare forsterkningane frå 1921?

Det var også ei omfattande utbetring her i 1972–1973. Då kom den svære fjellskjeringa til, og vegen kom litt vekk frå vasskanten. Nå, i 2024, blir endå meir av fjellknausen sprengt bort.

Postvegen, og seinare utbetringar av Setesdalsvegen, låg heilt ut mot fjorden her rett før Neset Camping. Men i 1972–1973, etter at Vegvesenet hadde skote ut eit svært stykke av fjellet, kom vegen der han går i dag. Foto: Geir Daasvatn

Kjelder

  • Reidar Tveito, Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord, eige forlag, 2017, s. 64-65
  • Reidar Tveito, Ferja, brua og ny-vegen i og omkring Byglandsfjord, eige forlag, 2018, s. 82–85
  • Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 102–103

Fleire stykke om Postvegen i Bygland

Kart over området

Fleire kulturminne

Bjoneskleivi – Bykle
Dalemannsteinen – Fennefoss
Hannås jernbanebru – Hornnes
Systog Dale-loftet
Postvegen – Heddessteinen
Nordigard Hoftuft-loftet
Postvegen Kristiansand–Bykle
Austad kyrkje
Nørstevoddburet – Bygland
Postvegen – Optestøyl
I fotspora til setesdølane – Eljannskleivan på Hægeland
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.