Vassrenna til koparverket i Åraksbø 2. november 2024. Foto: Geir Daasvatn

Vassrenna til «Det Sæthersdalske Kobberværk»

Den gamle vassrenna står att på verkstomta i Åraksbø. Ho minnar oss om dei hektiske åra rundt 1845, då det var eit svært koparverk i drift i Åraksbø.

«Det Sæthersdalske Kobberværk» var eit hektisk, men kort industriprosjekt med gruvedrift etter kopar ved Straumsfjorden og  i Valle og smeltehytte for koparrmalmen i Åraksbø.

Bakgrunn

Drifta gjekk i hovudsak føre seg i åra 1845–1850. Bak prosjektet stod den tyske kjøpmannen Gottlob Ferdinand Reinhardt i Kristiansand. Industrieventyret – som for mange bønder i Åraksbø heller førde til tragedie – enda med dundrande konkurs.

Du kan lese mykje meir om koparverket på Setesdalswiki. Reidar Vollen har skrive svært grundig om prosjektet i Bygland gard og ætt (bind IV, Bygland kommune, 2006, s. 243–259). Lokalhistorikaren Sigmund Monen på Evje har ei omfattande utgreiing om koparverket i det monumentale verket sitt om gamle gruvetradisjonar i Setesdal (Evje og Hornnes kommune, 2016, kapittel 2). Bjarne Nordgarden, som bur like nedanfor det gamle skulehuset i Åraksbø, nå grendehuset, skreiv særoppgåve om koparverket då han gjekk på Hornnes gymnas. Han har også på prent eit veldig fint stykke om verket i Jol i Setesdal, 1998. Opplysningane i stykket her er henta frå desse kjeldene.

Vassrenna

Vassrenna. Skulehuset ligg til venstre, utanfor kanten av biletet. Bjarne Nordgarden sin eigedom skimtar me bakerst. Foto: Geir Daasvatn

For å drive koparverket var det på eit område på rundt 30 mål sett opp mange bygningar for ulike behov og prosessar. Det skal ha vore over ti bygningar alt i alt.

Smeltehytta låg etter det eg skjøner om lag der Bjarne Nordgarden har huset sitt i dag. «Hytta» var eit svært hus i to etasjar, 35 m langt og 13 m breitt. Frå ein stem like nedanfor Nordenåbrua gjekk ei oppmura vassrenne ned til dette bygget. Det var for å utnytte vasskrafta i Hovassåna. I eit stort hjulrom stod to store vasshul. Vassrenna delte seg i to. Den eine renna gjekk inn til vasshjulet som dreiv blåsebelgane. Dei bles luft inn i smelteomnane gjennom to store jernrøyr under hytta. Den andre renna gjekk til vasshjulet som dreiv eit pukkverk som knuste malmen til eit fint pulver.

Bygningane og mange andre installasjonar til verket finst ikkje lenger. Men bak skulehuset, noko skjult i skogen, kan me framleis sjå den gamle vassrenna. På eit bilete i gards- og ættesoga står Bjarne Nordgarden ved sida av muren, men rekk bare halvvegs opp. Muren er nok difor 3-4 meter høg på det høgaste, og står like støtt som for 180 år sidan!

Eit anna tydeleg merke etter koparverket er verksmuren, som me ser langs Bryggevegen nedanfor skulehuset. Oppå muren var den gamle malmplassen. Det får bli ei anna historie.

Kart

Klikk på bileta for å endre storleik

Fleire kulturminne

Bakken – Bjørgum
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Åraksbø kraftverk
Nordigard Hoftuft-loftet
Postvegen – Bjørnaråkleiva
Auvervassåi gamle bru – Bykle
Telefonlinja Hovden–Bjåen
Postvegen – Bjørnarå
Riksveg 400 – Skomemoen
Riksveg 400 – Lauvdalsodden
Galtelandskanalen, eit minne frå krigen
Evje kyrkje

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.