Brygga på Frøysnes 27. november 2025. Foto: Geir Daasvatn

Frøysnes brygge

Frøysnes brygge ligg langs Åraksfjorden, sør på Frøysnes, noko før det første huset på garden.

Brygga blei bygd i 1869. Ho er bygd av grovt tømmer og stein. Det var dampbåtane Dølen og seinare Bjoren (frå 1897) som nytta brygga.

Les også: Bjoren – eventyrbåten på Byglandsfjorden

Den første brygga blei utbetra rundt 1905, som følge av oppdemminga av Byglandsfjorden. Det skjedde også ei større utbetring i 1912. På Kulturminnesok.no heiter det at denne siste utbetringa skjedde i 1916.

Brygga var i bruk til mellomkrigsåra.

I dag ligg brygga som oftast under vatn. Men når fjorden er langt nedtappa, dukkar ho fram igjen! Ho er i overraskande god stand etter alle dei åra under vatn.

Kjelder

Ytterste delen av brygga under vatn . Foto.
Ytste delen av brygga 27. november 2025. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Haugenloftet – ein unik kulturskatt
Gjetarhytta på Bjåen
Postvegen – Evje og Hornnes
«Gamlebrua» på Sandnes i Bygland
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
Bispestolane – spennande kulturminne og fint turmål
Langerak kraftverk
Systog Trydal-loftet
Bøgruva – Valle
Postvegen Uppstad–Flårenden
Likkvila ved Stemmen – Jordalsvatn
Bunkersen ved Lisletjønn i Bykle

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.